Voss Kommune som miljøfyrtårn!

Etter initiativ frå Hordaland fylkeskommune ynskjer Voss kommune no å bli ein miljøfyrtårnkommune. “Dette er ein oppløftande plan. Det å gjennomføra ei miljøanalyse og oppfylle ordninga sine krav innanfor bestemte område gjev konkrete verktøy å jobbe etter,” seier Venstres medlem i Miljø- og kulturutvalet Anne Jorunn Ryum Møen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Venstre meinar det er viktig at saker vedtatt av kommunestyret, og planar frå administrasjonen elles, blir offentleggjort for borgarane i kommunen. Folkestyret krev god og open informasjon.

Venstre gjekk til val på at me skulle jobbe for at borgarane skulle ha godt innsyn i kommunal forvalting.
Venstres representant Anne J. Ryum Møen kom difor med med slikt tilleggsframlegg:
“For å vise effekten av tiltaka skal kommunen offentleggjera den årlege miljørapporten, inklusiv ei
samla oversyn i årsmeldinga.”

Framlegget blei samrøystes vedteke.

Vedtaket kommunestyret tok stilling til var delt inn i tre punkter + Venstres tilleggspunkt:

1. Voss kommune viser til initiativ frå Hordaland fylkeskommune og gjer vedtak om at Voss
kommune skal vera miljøfyrtårnkommune.
2. Voss kommune skal arbeide for å sertifisere eigen organisasjon med siktemål om at alle einingar
skal vera sertifiserte innan 2013.
3. Voss kommune skal ha / opparbeide nødvendig kapasitet til å kunne sertifisere private bedrifter i
kommunen som ynskjer dette.
4. For å vise effekten av tiltaka skal kommunen offentleggjera den årlege miljørapporten, inklusiv ei
samla oversyn i årsmeldinga.”

“Dette er eit av fleire viktige tiltak for å gjere Voss til ein moderne miljøkommune,” seier Knut Olav Nestås, leiar av Voss Venstre. “Utfordringa vår er å leggje om til eit meir miljøvenleg lokalsamfunn. Med denne planen syner Voss at me tek dette på alvor, men me har framleis mykje å ta tak i, og Venstre har i alle fall mykje ugjort,” avsluttar Knut Olav Nestås.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**