Interpellasjon om ny RV 13

Hjelmeland Venstre tar opp ny RV 13 frå Svedberg til Vatne i interpellasjon i kommunestyret onsdag 28. april. Du kan lese heile interpellasjonen her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Interpellasjon til kommunestyret 28.4. 2010

NY R 13 FRÅ SVADBERG TIL VATNE.

Alle kjenner me til den tragiske ulykka ved Tysdalsvatnet nå i vinter. Me veit og at det i mange ti-år har vore drøfta ulike forslag til vegforbetringar mellom Tau og Hjelmeland.
Ei av dei var ny veg med bru over Årdalsfjorden, noko Venstre framleis held på som beste løysinga, men som det diverre har vore lite politisk vilje til å gjennomføre.

Den akutte situasjonen vart diverre ekstra aktualisert og tida til planarbeid med bruforslaget, grunninnløysingar osv vil nødvendigvis ta lang tid. Difor ber Venstre om direkte tunnel mellom Svadberg og Vatne vert prioritert.

Grunngjeving:

Kortaste vegen mellom Vatne og Årdal
Mindre arbeid med grunninløysing
Massane kan mest sannsynleg nyttast av verksemder
Arbeidet kan pågå utan hinder for trafikken på R 13
Ein slepp å vera utrygg for kva tunnelsprenging vil medføre av ekstra rasfare mtp eventuell tunnelbygging til Skreppeneset
Venstre har ikkje tru på at det vert noko lettare å få direkte tunnel frå Skreppeneset til Årdal etter at det allereie er investert store summar.
Resultatet av ei slik løysing vil bli at ein framleis må køyre vidare via Målandsdalen og dermed behov for nok ein tunell. Dette vil i sum koste like mykje som ein direkte tunnel og medføre lengre og dårlegare vegløysing for befolkninga og industrien.

Konklusjon:

Hjelmeland Venstre ber kommunestyret vedta følgjande oversendingsforslag:

Det skal arbeidast for at ny del av R 13 vert bygd direkte mellom Vatne og Svadberg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**