Venstre for full utbygging av idrettsanlegg i Myra

Venstre stemte for full utbygging av idrettsparken i Myra i bystyret torsdag, og ser fram til godt samarbeid med frivillige

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


krefter både i dagleg drift og ved store nasjonale arrangement. Venstre stemte for å følge kommunens reglement for kunstnarleg utsmykking, med 1% av byggekostnadane. Men berre Karen landmark frå SV og Aps John tellmann Tjuslia stemte saman med Venstre for å følgje reglementet om utsmykking. Fleirtalet stemte for å redusere utsmykkinga vesentleg.

– Vi vil ha kunst for å gjere bygga meir attraktive og estetiske, og vil at bygga skal framstå som representative når vi har nasjonale arrangement der. Vi har også gode erfaringar for at tidleg samarbeid mellom arkitekt og kunstnarar ikkje aukar den samla prisen på bygga, og vi har i tillegg gode sjansar for solide tilskot frå statens fond for utsmykking, KORO, sa Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad. Les meir i Arendals Tidende.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**