Sommarfest for Venstremedlemmar og -sympatisørar i kommunane i Indre Sunnfjord

Det er sendt ut invitasjon til Sommarfest for Venstremedlemmar og -sympatisørar i kommunane i Indre Sunnfjord. Venstre-venner frå Jølster, Førde, Naustdal og Gaular samlast på Hammarsbakken på Sørsida av Jølstravatnet, i eldhuset på garden til Ole Magnus Kapstad, onsdag 30.06.10 kl 18.00.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


For dei som er usikker på vegen, vil vi ha oppsamlingsheat frå Elvatun på Vassenden (rett før brua på Vassenden).

På programmet står “etablering” av Indre Sunnfjord Venstre; vi satsar på at saman er vi sterke, og at vi kan lære av kvarandre og hjelpe kvarandre framfor og gjennom kommunevalet 2011. I tillegg kjem fylkesleiar og Venstre sin gruppeleiar på fylkestinget Marit B. Krogsæter. Ho vil snakke om det politiske livet på fylkestinget, og så har vi utfordra henne til å snakke om sykkelvegar og korleis vi skal jobbe for å få fleire km med slike, og få dei til å henge ihop.

Det vert servering av rømmegraut og spekemat, og for å hindre å overbelaste ei slunken lokallagskasse, vil Sommarfesten koste kr 50,- pr pers, inkl både politikk og mat.

Vi vonar at mange ønskjer å ta med litt varme klede og vere med på politisk moro denne sommarkvelden!

For å kunne porsjonere rett, ber vi om at de melder dykk på ved å svare på e-post til Vigdis Tonning seinast 27.06.10.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**