Er du sjølvstendig næringsdrivande og har lyst på besøk?

– Framtidas velferdssamfunn er avhengig av at me tilrettelegg for eit nyskapande næringsliv, seier Venstres leiar Trine Skei Grande. Onsdag (23.06) lanserte Venstre 15 punkter for ein betre gründerpolitikk, som eit startskudd for partiets bedriftskampanje kor 1000 verksemder skal vitjast av sentrale og lokale Venstrefolk i august og september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


– Fleire må kunne oppleve det som meiningsfullt å starte for seg sjølv. Eit mangfaldig og nyskapande næringsliv er avgjerande for at Norge skal lukkast i ein stadig meir globalisert økonomi. Venstre ynskjer eit nyskapande Noreg. Det er eit sjølvstendig mål for Venstre at fleire startar eiga verksemd og at fleire tek makta over eigen arbeidsdag, seier Skei Grande.

Grunder

Foto: Microsoft

– Difor lyt det gjennom eit bredt spekter av tiltak som redusert skjemavelde, betre og meir målretta offentlig verkemiddelapparat og skattestimuli leggjast til rette for at fleire finn det formålstenleg å starte og drive verksemder. Me treng ein betre gründerpolitikk, seier Venstres leiar.

Venstres 15 punkt for ein betre politikk for ein kvar gründer :

1. Rett til botnfrådrag (næringsfrådrag) for sjølvstendig næringsdrivande.
2. Innføring av ein KapitalFUNN-ordning ("Business Angels") for å trygge langsiktig kapital.
3. Auka og meir miljøvenlege avskrivningssatsar.

4. Reduksjon av trygdeavgifta for sjølvstendig næringsdrivande.

5. Betre sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande(eigen sjukdom, borns sjukdom, pensjon mv)
6. Fritak i arveavgifta ved generasjonsskifte i familieeigde verksemder.

7. Eigen (og forenkla) aksjelov for dei minste verksemdene.
8. Reduksjon i gebyra til Brønnøysundregistra.

9. Auka fribeløp ved tilsettes kjøp av aksjar i eiga bedrift.

10. Fjerne arbeidsgiveravgifta for lærlingar.

11. Innføre støtte til ulønna forskingsinnsats i SkatteFUNN
12. Auke samtlege beløpsgrenser og fjerne timegrenser i SkatteFUNN-ordninga.

13. Redusere næringslivets kostnadar knytta til reglar, skjemavelde og offentleg rapportering med 25 pst innan 2012. Opprette eit eige norsk regelråd (etter modell frå svensk suksess).
14. Oppdeling av Innovasjon Noreg for å trygge knoppskyting og utvikling av nye bærekraftige verksemder i heile landet, uansett postadresse.

15. Eit meir fleksibelt arbeidsliv — midertidlege tilsetjinger/overtid/permisjon mv.

bedrift

Foto: Microsoft

Er dette noko som er relevant for deg og di verksemd? Kanskje kan du/de vere ei av dei 1000 verksemdene Venstre(lokale og sentrale representantar) skal vitje frå august til september?

Ta kontakt med Torstein Gunnarson, 911 71 590, eller Knut Olav Nestås, 412 06 132.
Du kan og kontakte oss via e-post: [email protected]

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**