Innkalling til ope møte i Voss Venstre før sommarferien

Dette vert siste møte i Voss Venstre før sommaren. Me håpar at sympatisørar, så vel som medlemer, ynskjer å kome.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Hei

Det nærmar seg sommaferie for dei fleste, eg reknar med det vert godt med ein pause.

Likevel har me ein del saker – både saker som gjeld Voss Venstre og Hordaland Venstre – som bør drøftast før me går til ferie.

Difor håpar eg dei fleste kan kome til dette avsluttande møtet før sommaren. Det er eit ope møte som finn stad i Kyrkjebø hjå Torstein, tysdag 29. juni, kl. 19.40.

Saksliste:

1. Nominasjonsprosess på fylkesnivå.

2. Listestilling lokalt.

3. Fylkesprogramarbeidet er i gong. Innspel frå Voss Venstre?

4. Venstre si nye kampanje: 1000 verksemder på 20 dagar. Aktuelle verksemder me kan vitje på Voss?

5. To samlingar som kjem for tur, nokon som ynskjer å delta?

Fylkessamling 17. – 18. september om skulepolitikk

Lokalpolitisk nettverk 2. samling 30. – 31. oktober

6. Saker fram mot valkampen 2011. Kva saksfelt bør me jobbe meir med framover?

7. Diverse.

Tre i Mobergsviken

Foto: Tore Rykkel

Kontakt meg gjerne viss det er noko de lurar på, anten pr. mail, eller pr. telefon: 412 06 132.

Velkomne skal dykk vere! 🙂

God helg!

Med liberal helsing

Knut Olav Nestås

Leiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**