– Kan Venstre redde Hardanger?

«Det blir omkamp om Hardanger» kan ein lese på nettsidene til Nrk. I BT kan ein lese «Krever omkamp om Hardanger». Bakgrunnen er at Venstre legg inn eit forslag på Stortinget om å endre energilova slik at ein ved byggjing av kraftliner i verdifulle naturlandskap lyt ta større miljøomsyn enn i dag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Regjeringa har gitt Statnett konsesjon til å strekkje ny høgspentline i luft gjennom Hardanger. Når sjølv ikke naturen her er viktig nok til å bli tatt omsyn til fremføre reine økonomiske interesser, syner det at regelverket er alt for svakt, seier Venstres leiar Trine Skei Grande.

Trine Skei Grande

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

— Me ynskjer at energilova òg skal leggje inn omsorg for det klassiske naturvernet, for reiseliv og for dei andre faktorene slik at dette vert faktorar ein skal vurdere når ein skal fatte slike typar avgjeringar, seier Trine Skei Grande til NRK.

Venstre har difor lagt inn forslag på Stortinget der me ber Regjeringa om å fremje forslag til endringar i energilovgjevinga som opnar for auka bruk av jord- eller sjøkabel ved byggjing av kraftledningar i verdifulle naturlandskap for å betra miljøomsyna.

For prosjekt i Statnetts regi, vil me i vedtaks form be ministaren nytte eigarmakta til å utsetje prosjekta til dei er vurderte etter dei nye retningslinene, seier Skei Grande.

– For lina i Hardanger må det vere betre å leve ei lita stund til med ei viss usikkerheit fremføre å øydeleggje ein natur landet vil ha glede og nytte av i all fremtid, avsluttar Skei Grande.

Venstre foreslår òg å styrkje satsinga på forskings- og utviklingsarbeid knytt til bruk av jord- og sjøkabel. -Det er behov for å styrkje FoU-innsatsen på dette området slik at kabel i enno større grad vert eit reelt alternativ til luftliner, seier Skei Grande.

– Eg er spent på korleis dei raudgrøne vil handtere dette forslaget, seier Knut Olav Nestås, leiar av Voss Venstre.

I Hardanger og i Voss har motstanden mot mastene vore sterk heile tida, men Nestås merkjer seg òg responsen elles.

– Det er utruleg flott å sjå alt engasjementet dette skapar, ikkje berre i Hardanger og i vår kommune, men elles òg. Håpet mitt er at regjeringa no skjønar alvoret og kanskje kan Venstre redde Hardanger? Dette er i alle fall eit forslag som tek sikte på det og er etter mitt skjøn på sin plass.

– Venstre er partiet som lyt evne balansen mellom omsyn til næringsutvikling, klima og klassisk naturvern. Det meinar eg partiet evnar med dette forslaget, avsluttar Knut Olav Nestås.

Logo, Venstre

Foto: Gunn-Torill Homme Mathisen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**