Voss Venstre ynskjer tiltak for ungdomen!

Voss Venstre ynskjer eit tverrpolitisk krafttak for ungdomen på Voss, men det vert ikkje eit krafttak utan ein brei debatt om kva tiltak som kan vere aktuelle framover. Knut Olav Nestås, leiar av Voss Venstre, vart intervjua i avisa “Hordaland” laurdag 07.08.2010 og artikkelen er gjengjeven her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


«Knut Olav Røssland Nestås(V) meiner at den politiske leiinga i kommunen må visa meir engasjement og vilje til å betra ungdomstilhøva på Voss.

Nestås engasjerar seg for ungdomstilhøva på Voss, både som privatperson og som politikar.
Venstre-politikaren har tidlegare vore mellom anna elevrådsleiar på Voss VGS og ungdomsrådsleiar, og han har mykje å setja fingeren på når det gjeld utviklinga blant ungdom på Voss.

Ungdom, psykiatri

Foto: Microsoft

— Det er heilt klart at ungdommen på Voss treng eit betre fritidstilbod. Når det gjeld rus og vald blant ungdom, har eg inntrykk av at det har forverra seg dei seinaste åra på Voss. Folk eg kjenner i utelivsbransjen fortel at det går knapt ei helg utan at det er valdsepisodar. Av og til ender dette med at folk blir sende til Bergen for bråk og fyll. Når det gjeld rus, viser undersøkingar om ungdomsvanar frå ungdomsskular og vidaregåande skular på Voss mellom anna at gutane på vidaregåande skular generelt ligg over landsgjennomsnittet når det gjeld bruk av cannabis, og at bruken av alkohol har eskalert blant jenter i 15 til 18-års alderen.

Nestås er redd for at ting kan gå frå vondt til verre dersom ikkje den politiske leiinga i kommunen snart tar affære.
— Under kommunestyremøtet 17. juni i år, vart det bestemt at det skal tilsetjast ein såkalla SLT-koordinator som har som føremål å forebyggja kriminalitet. SLT står for samordning av lokale kriminalitetsforebyggjande tiltak. Ikkje misforstå meg, dette er eit kjempeflott tiltak, men det skal meir til for å betra ungdomstilhøva enn å tilsetja ein person og ferdig med det, seier han.
Nestås meiner at nøkkelen til å løysa ungdomsproblematikken mellom anna er engasjement, debatt og tverrpolitisk vilje til å få til noko saman.

— Under kommunestyremøtet, var det ingen som viste nokon form for engasjement når dette tiltaket blei lagt fram. Ingen. Det var kun eg og Frode Horvik frå Høgre som hadde innspel, men heller ikkje då blei det nokon diskusjon.

— Eg er redd for at den politiske leiinga gøymer seg bak eit godt planverktøy og berre gjer det som leiinga meinar er strengt nødvendig. Litt sånn «No har me gjort dette, og det fungerar inntil det motsette er bevist».
Viss dette er tilfelle oppfattar eg det som rein maktarroganse som kun Arbeidarpartiet "i godt slag" kan få til, seier han og trekkjer parallellar til mellom anna kraftutbyggjingsplanane i Raundalen og straummastene i Hardanger.

Stemmegiving

Foto: Microsoft

Nestås legg difor fram fire tiltak, som han meiner bør satsast spesielt på.
— Det første bør vera at ungdomshuset vert frikjøpt slik at ungdommen, under visse rammer sjølvsagt, får gjera som dei vil. Dette må politikarane leggje til rett for. Det andre bør vera at me får eit ungdomsråd som det er kontinuitet i, dersom ein har totalutskiftingar kvart år, fungerer det neppe etter hensikta, seier han.
For det tredje vil han oppfordra til eit tverretatleg samarbeid mellom ppt, politi, ungdomsskule, helsesøster og «Gryto». Dette tverretatlege samarbeidet har fungert godt tidlegare, hevdar Venstre-leiaren.

— Til hausten skal det også gjennomførast ei ny ungdomsundersøking om vanar i skulane, og sist, men ikkje minst bør denne undersøkinga følgjast opp med budsjettmidlar til neste budsjett.
Nestås meiner dette er viktig å satsa på av fleire grunnar.

— Eg og mange med meg ynskjer å kome heim til Voss ein gong etter studia, og når ein får familie og slikt ynskjer vel alle at borna skal veksa opp i eit trygt miljø? Er det ikkje dette som skal vere fordelen med Voss, samanlikna med eksempelvis byane? spør Nestås.
For å få til dette meiner Venstre-leiaren at politikarane er nøydde til å tenkja nytt.

— Dette er ikkje ein budsjettpost berre for ungdomstiltak over eit kommunebudsjett, eller NAV sine sosiale utgifter eller barnevernet sitt problem. Dette er like mykje teknisk etat sitt problem. Det er vel ikkje urimeleg å tru at ei forverring blant ungdom når det kjem til vold og rus også vil påverka antal hærverk på til dømes offentlege og private bygg. Det er mykje billegare for samfunnet å tenkja førebygging enn reparering, slår Knut Olav Røssland Nestås fast. »

Intervju gjort av Stine Strand Carlsen i avisa "Hordaland".

Logo Venstre

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**