Venstre vil ha alle med i omsorgsarbeidet

Venstre vil ha kvalitet i alle ledd i alt innbyggarane i Arendal, skriv Jan Kløvstad i eit tilsvar til Arbeidarpartiets Inger Brokka de Ruiter som ikkje har lyst til å sjå video frå bystyremøta eller lese på Arendal Venstres heimesider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Dette innlegget er derfor sendt Agderposten og Arendals Tidende 27. februar som svar på lesarinnlegg frå Brokka de Ruiter dagane før.

Vi ser enorm auke i behova, særleg innan omsorgssektoren framover. Bystyret er samla om at det er positivt med både frivillige organisasjonar og private aktørar innan skole, barnehage, barnevern og rusomsorg. For Venstre og eit fleirtal i bystyret er det naturleg at vi også vurderer det same for andre som treng omsorg.

I eit avisinnlegg har eg vist til kva eg har sagt frå bystyrets talarstol 17. juni, gjengitt på www.arendal.www.venstre.no for å spare litt spalteplass. Men Arbeidarpartiets Inger Brokka de Ruiter meiner i eit svarinnlegg at eg må gjenta alt også på trykk i avisene. Eg takkar for forslaget frå Brokka de Ruiter og ber derfor om spalteplass til eit samandrag:

” I Oslo blir nå ein tredel av eldreomsorgen driven av frivillige organisasjonar som Blå Kors, Røde Kors, Kirkens Bymisjon, Norske Kvinners Sanitetsforening og andre, ein tredel blir driven av private aktørar, og ein tredel blir driven av Oslo kommune.

Det viktigaste ved dei ulike aktørane er mangfaldet dei har i tjenestene, og korleis dei fysisk legg opp arbeidet. Mange av de ikkje-kommunale har andre tjenester tett knytta på seg slik som arbeidstreningsbedrifter og andre helsetjenester. Mange av dei ideelle har f eks mange frivillige som er tilknytta sjukeheimane. Dei driv på ulike verdigrunnlag (slik som Kirkens Bymisjon) som kan tilføre noe i tjenesten, for både pasientar og tilsette. Institusjonane og andre tenester får eit særpreg, og det er bra. Brukargranskingane i Oslo viser at både dei kommunale og dei ikkje-kommunale sprer seg over skalaen frå veldig godt og til ikkje fullt så godt. Venstre har tillit til at eldre folk og pårørande sjølve kan velje kva som er best for dei. Eldre folk har lang livserfaring, og skal lyttast til.

Ein annan svært positiv effekt er at fordi Oslo kommune er ansvarleg for kva som blir ytt av tjenester, har dette satt krav til kommunen til å definere kva god tjeneste er, kva god kvalitet og kompetanse er, kva som skal vere tilbod ved alle sjukeheimar og andre institusjonar, og kva det er greit å berre tilby ved noen av institusjonane. Oslo har også sett behovet for å bli bedre på kvalitetsmåling. Dette er berre positivt for kommunens eige tilbod også. Ved konkurranse teller pris og kvalitet like mykje.

I Arendalskonferansen i juni var det også sjanse til å snakke med både Livsglede for eldre, Blå Kors, Kirkens Bymisjon og andre aktørar innan helse og omsorg. Frivillige organisasjonar står klare til å diskutere med oss kva dei kan gjere for gamle og sjuke her hos oss. La oss gripe sjansen.”
Torsdag kveld vedtok bystyret ein omfattande helse- og omsorgsplan. Vi treng hjelp frå alle gode krefter for å gi best mogleg omsorg.

Jan Kløvstad
Leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**