Venstre har 10,9% av vossingane i ryggen!

Det var ei oppmuntrande meiningsmåling for Venstre i laurdagens “Hordaland” den 28.8.2010. Heile 10,9% oppgjev at dei ville stemt Venstre ved eit lokalval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Dette er klar framgang for Venstre som ved lokalvalet i 2007 hadde 7,8% av stemmene(noko som også var ein fin framgang frå lokalvalet i 2003 der Venstre fekk 4,5% av stemmene).
Borgarleg side har klar framgang med eit Høgre som meir enn doblar oppslutninga si frå 2007, medan FrP har framgang òg. Det vil seie at dei tre borgarlege partia Høgre, FrP og Venstre til saman har ein framgang på 16,5%!

I avisa "Hordaland" kunne ein mellom anna lese: «Frisk Venstre-vind :
Grep om ungdomen har derimot Venstre. Faktisk er partiet klart størst i gruppa under 30 år, der 22 prosent lovar partiet si støtte. Kommunestyregruppa ville ha auka frå 3 til 5 om målinga var val, og det er særleg raudgrøne veljarar som no strøymer til Venstre. Målinga gjev Venstre 10,9%, som er 3,1% fram frå kommunevalet i 2007. ( )»

Gruppeleiar i kommunestyret gjev i same avis følgjande kommentar til resultatet:
– Hyggjeleg, synest Torstein Gunnarson. Hyggjeleg at folk set pris på det jamne og gode arbeidet me gjer i lokalpolitikken, seier Venstre-toppen i formannskap og kommunestyre.
– Kva saker trur du det er som får veljarane til å søkja mot Venstre?
– Kampen mot stor utbygging av Raundalselva er ei konkret sak som har engasjert. I tillegg trur eg veljarane set pris på Venstre sitt jamne arbeid for kultur, miljøvern, næringsutvikling og meir openheit i forvaltninga.

Grønn jord

Foto: dataanimert

Journalisten lurar på om kraftlinene i Hardanger kan verke inn òg, til dette svarar Gunnarson:
– Eg veit ikkje i kva grad nasjonale saker slår inn for lokalpolitikken, men i alle fall har Venstre hatt eit klart standpunkt også i den saka. Uansett, målinga inspirerar til ekstra innsats for Venstre framover mot neste val.

Venstre har ikkje vore størst i perioden som har gått i kommunestyret sidan 2007, me har heller ikkje hatt dei største valkampbudsjetta, men ein ting kan me i Venstre love dykk alle: De skal få god valuta for stemmene dykkar, om de skulle stemme Venstre! Det meinar me å ha vist sidan 2007 og det skal me vise vidare fram mot valet òg!

Link til sak på nett finn de her:
http://www.avisa-hordaland.no/nyhende/hogre-storre-enn-ap-pa-voss/

Med liberal helsing

Knut Olav Nestås

Kommunestyrepr. og leiar av Voss Venstre

Stem Venstre!

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**