Målet med ny E18

Vegvesenet har hatt to godt besøkte folkemøte om planlegginga av E18 mellom Arendal og Tvedestrand. Debatten om traseen er i gang, og godt er det. Venstre meiner vi skal ha følgande mål i arbeidet:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

1. Ta vare på livet
I dag er det 161 avkøyrsler på 19,2 km, berre 119,25 meter mellom kvar av og påkøyring. Ny veg vil gi oss berre 2-4 avkøyrsler, og desse vil bringe bilar og bussar inn på og ut av vegen i same fart som gjennomgangstrafikken. Altså like trygt som E18 Kristiansand-Grimstad og Grimstadporten-Harebakken er blitt. Dagens E18 er farleg.

2. Ta vare på skolebarn og bustadhus

Ingen barn behøver å sykle eller gå langs den nye E18. Slik Vegvesenet planlegg nå er det faktisk mogleg å få ein veg som ikkje tar eit einaste hus, og prosjektleiar Harald Tobiassen gir eit klart og betryggande inntrykk av at vegvesenet tar støyplagar alvorleg. Alternativet med å legge ein ny E18 tvers gjennom Sagene må avvisast, og både Helleheia, Ottersland, Fløystad, Holte, Kvastad og Langang kan få vegen så langt unna at det kan bli akseptabelt.

3. Ta vare på dyrka mark

Regjeringa gir klar føring om å unngå dyrka mark og omdisponering av dyrka mark. To av dei tre foreløpige korridorane unngår dyrka mark. Flott!

4. Ta vare på drikkevatn og verna vassdrag

Også dette målet ser det ut til at Vegvesenet får til. Plankartet viser at det er fullt mogleg å unngå forurensing til Vennervann og Vålevann i Tvedestrand, Jorstadvannet og Langangsvannet ved kommunegresene og Molandsvannet, Longumvannet og Totjenna i Arendal.

5. Ta vare på friluftslivet
Vegforslaga går gjennom verdfulle friluftsområde, særleg nordaust for Arendal. Men også her kjem Vegvesenet med gode avbøtingsforslag som vi må godta.

6. Ta opp kampen for betre levekår

Ein ny og trygg E18 med godt kollektivtilbod vil gjere det langt meir attraktivt å bu i Tvedestrand (og lenger aust) og velje fritt på arbeidsmarknaden mellom Risør/Gjerstad og Grimstad/Lillesand. Det vil styrke levekåra og gi ei betre framtid. Dei vanskelege levekåra for mange er den største utfordringa vi slit med i landsdelen.

7. Ta vare på bumiljøet mellom Saltrød, Tromøya og Barbu

Ved å bygge gode tilførselsvegar opp til E18 frå der det bur mest folk på Tromøya og langs Kystveien mellom Saltrød og Barbu kan vi gjere kvardagen langt betre også for dei som bur langsmed den sterkt trafikkerte Kystveien.

8. Ta vare på framtida
Det er også mogleg å kombinere dei foreslåtte korridorane med ein framtidig og høgst velkomen kystjernbane, som kan gi enda mindre utslepp enn vegtrafikken.

Vi trur planleggingsarbeidet for ny E18 kan klare å fylle alle desse måla, og gleder oss til å bidra konstruktivt. Vi trur at alle som bur mellom Tvedestrand og Arendal vil få ei god løysing, og at alle som køyrer gjennom området også får ein trygg veg. Men Venstre ser gjerne at planarbeidet går fortare, at spaden kjem i jorda i 2014 og at vi på den måten kan unngå ulykker.

Jan Kløvstad
Leiar i Arendal Venstre og deltakar i planleggingsarbeidet på vegner av Arendal bystyre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**