Dega Abdi Aman tar over etter Anne Tørå Solsvik

Valnemnda i bystyret går samrøystes inn for Venstres forslag om erstattarar for Anne Tørå Solsvik, som har flytta til Oslo og derfor går ut av lokalpolitikken. Dega Abdi Aman blir fast bystyremedlem,

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**

Dega Abdi Aman

Foto: Jan Kløvstad

fast medlem av oppvekstkomiteen, og ho går inn i valgstyret og komiteen som skal gå gjennom delegasjonsreglementet og arbeidsdelinga i det politiske livet i Arendal. Lars Thoresen rykkar opp til første varamedlem til bystyret og komiteane. Desse opprykka følgjer av val-loven.

I dei verva som er resultat av konstituering av bystyret og også seinare oppnemning i komitear og utval, foreslår valnemnda:

Jan Kløvstad held fram som varamedlem til valgstyret og den nemnte delegasjonskomiteen.

Tone Helene Strat frå Kristeleg folkeparti tar over etter Anne Tørå Solsvik i formannskap, planutval og administrasjonsutval, der Jan Kløvstad held fram som første varamedlem for alle partia i det som i starten av valperioden var fleirtallsposisjonen.

I KS Agder går Line Haugland, Ap, inn, mens Vigdis Thorbjørnsen, også AP, blir ny varamedlem i eigarmøtet i Agder Energi.

Valnemndas forslag blir lagt fram for bystyremøtet 28. oktober.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**