Look to Scotland – og sjukehusa der

Venstre likar den skotske helsemodellen. Vi har fleire gonger peika på Skottland som eit land å lære av i helsepolitikken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

I eit avisinnlegg 22. og 23. oktober rosar Lars Vidar Moen både den fagforeningsfinansierte rapporten "De tok sykehusene tilbake", han vil bli kvitt helseforetaka og skriv at "markedsliberalisme ikke passer i en bransje som går ut på å hjelpe mennesker med ulike plager og sykdommer." Eg er samd med Moen i dette. Også Arbeidarpartiets Steinar Rasmussen har skrive om helseforetaka som grunnlag for dei problema vi ser i sjukehusa i landsdelen nå. Da Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre med Tore Tønne og John Alvheim som dei store profetar stemte gjennom helseforetaksmodellen, svarte Venstre frå Stortingets talarstol at dette var den største avdemokratiseringa i nyare norsk historie.

 Jim Wallace (til venstre) og Jan Kløvstad i samtale om skotsk helsepolitikk.

Jim Wallace (til venstre) og Jan Kløvstad i samtale om skotsk helsepolitikk.
Foto: Privat

Lars Vidar Moen foreslår studiereise til Skottland. I juli 2009 var eg i Skottland og møtte Jim Wallace (nå regjeringsmedlem i London med ansvar for skotsk juspolitikk) og staben til Danny Alexander, nåverande visefinansminister i Storbritannia. Dei ga meg grundig orientering om NHS Scotland (National Health Service). Jim Wallace var skotsk visestatsminister og i lange periodar fungerande statsminister da Skottland endra helsepolitikken radikalt.
Venstres søsterparti Liberal Democrats stilte krav om djerve grep i helsepolitikken med tillit til lokaldemokratiet som del av dei krava for å gå inn i den skotske regjeringa frå 1999. Dei ville ha vekk den usunne konkurransen om pasientane, stykkprisfinansieringa og hemmeleghaldet mellom helseforetaka. Dei forlangte samarbeid som rettesnor. Dette har vist seg å gi gode resultat, og dagens regjering med SNP (skotske nasjonalistpartiet) har ikkje endra politikken. Skottland har eit integrert helsevesen, der primær- og spesialisthelsetenesta har same leiinga. Det er 14 regionar med eigne styre, og i tillegg 8 styre for landsdekkande funksjonar.

Sommaren 2009 var det diskusjonar i skotsk presse om kor vellykka det hadde vore å fjerne arven frå New Labour og å ta sterkare skotsk styring med sjukehusa, på landsbasis og regionalt. Det var stor glede over at dei økonomiske resultata av drifta av sjukehusa viste seg å vere langt betre etter at New Public Management var vraka som "driftsideologi". Det var glede over auka produktivitet med 6 milliardar kroner i åra 2006-2008, 800 millionar kroner betre enn budsjettert. NHS Scotland har klart å halde budsjetta sine kvart år, til dels gitt betre resultat enn budsjettert. Skottland auka helsebudsjettet med 8,1% årleg sidan 2000, mindre enn auken i Norge dei same åra.
Heller ikkje det skotske helsesystemet er feilfritt. Det er framleis viktig å arbeide for betre tenester nær folk og sørge for at økonomistyringa framleis er så god at det kan frigjerast pengar til dei aukande omsorgsoppgåvene i ei framtid med blant anna stadig fleire eldre og store utfordringar med psykiatri og rus. Men det store hovudgrepet har skotske folkevalte hatt mot til å ta. Dette er heilt i samsvar med det Venstre har kjempa for både før og etter at Ap, Frp og Høgre trumfa gjennom den norske helseforetaksmodellen, ein modell 13 000 menneske gjekk i fakkeltog for å protestere mot for kort tid sidan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**