– Ikkje legg restriksjonar for industrien på Eydehavn havn

– Ikkje legg restriksjonar for industrien på Eydehavn havn, sa Venstres Jan Kløvstad, og gjekk mot å utvide planlagt utbygging på Grønningen på Tromøya like over sundet frå havna frå tre til sju hus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**


Venstre liker planen utbyggaren har kome med, med konsentrert byggging, gode tiltak for trygg skoleveg og god tilgang til sjøen. Men undervegs i planleggingstida har det skjedd store og spennande ting med Nymo og Sevan Marine ved Eydehavn havn. – Vi må derfor ta eit val mellom ei industriutvikling på Eydehavn og bustadbygging like over sundet, meinte Jan Kløvstad. Han viste til, saman med Tone Helene Strat frå Kristeleg folkeparti og kommunesjef Geir Skjæveland, at det lett blir konfliktar mellom næring med høgt støynivå og korte leveringsfristar som krev aktivitet store delar av døgnet og folk som har kjøpt hus like ved. I den komand ekommuneplanen foreslår kommuneplanutvalet ei støygrense som den ønska utvidinga av grønningen-planen blir liggande innanfor. – Vi må tenke langsiktig og næringsvennleg, og kanskje heller vurdere juridisk og moralsk om vi skal kompensere ein konstruktiv utbyggar for dei utgiftene han har lagt inn i planlegginga, sa Jan Kløvstad.

Utbyggaren hadde sendt e-post til planutvalet der han var villig til å ta hensyn til aukande støyrisiko frå Eydehavn Havn, og fleirtalet i planutvalet stemte for planen sloik utbyggaren foreslo, etter forslag frå ordførar Torill Rolstad Larsen. Sju stemte for forslaget frå ordførar, mens Venstre og Kristeleg folkeparti støtta rådmannens forslag om å nøye seg med den opprinnelege utbyggingsplamnen på tre hus.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 14 år siden.**