Ønskjer Voss meir på offensiven!

Voss kommunestyre skal 16. des. vedta 2011-budsjettet. Her har Venstre fleire verbalframlegg om meir framtidsretta aktivitetar, og også tiltak for å få ein sunnare kommuneøkonomi.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Venstreframlegget har få framlegg til endringar i driftsbudsjettet. Mindre reduksjon i bemanning i skule og barnehage, auka satsar i sosialhjelp og oppfølging miljø- og klimaplan er nokre av framlegga. Erfaringar med talendringsframlegg er nemleg dårlege, “pakken” frå fleirtalsgruppa Ap/ SP/Sv blir tradisjonelt “banka gjennom” utan særleg omsyn til framlegg frå andre parti.

Derfor vektlegg Venstre denne gongen i langt større grad å få utgreiingar om saker ein ønskjer til politisk behandling. Det gjeld særleg tiltak innan næringslivsutvikling; tiltak for nyetablerar/gründarar, etablering av eit privat/kommunalt investeringsselskap, forsterka regionalt samarbeid.

Andre framlegg er m.a. ei utgreiing om status og moglege utviklingstiltak i samarbeid mellom frivillige organisasjonar og kommunale tiltak innan fritid og kultur, og helse og omsorg.

Gjennom halvårlege statusrapportar ønskjer Venstre å leggja til rette for ei meir aktiv oppfølgjing. både administrativt og politisk av handlingsplanen i kommuneplanen.

For å få meir langsiktig økonomisk tenking bør rekneskapsrapportane innehalda ei vurdering av moglege konsekvensar for neste års budsjett. TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**