Venstre i Voss kom bra i mål!

Voss Venstre hadde i behandlinga av budsjettet for 2011 mange verbalframlegg. I siste infobrevet i 2010 kan vi lesa at det blei bra utteljing!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I eit tidlegare eige innlegg på heimesida; “Ønskjer Voss meir på offensiven” orienterte vi kort om Venstre sitt framlegg i formannskapet (FPL). I oppfølgjinga blei dei fleste samla i eit fellesframlegg frå Venstre, KrF og Høgre.

I den generelle debatten i kommunestyret (KST) fekk mange av (opphaveleg V-) framlegga ros. Det blei så drøfting mellom gruppeleiarane, og visse kompromiss inngått. Dvs. at nokre av verbalframlegga blei lagt inn i fleirtalsframlegget og samrøystes vedtatt, andre blei oversendt administrasjonen utan votering. Eit eige V-framlegg om å få utgreidd restaurering av eit gyteområde for laks i Lilandsosen (øydelagt i 91 ved vegbygginga) blei samrøystes vedtatt.

Fleirtalsgruppa, Ap, Ap og Sv fekk elles som vanleg banka gjennom sine framlegg, i hovudsak til talbudsjettet, og med inndekning i ein skatteinngang på 3 mill meir enn det administrasjonen hade tilrådd. V meinte dette var å skyva problema framfor seg og føreslo derfor berre mindre omdisponeringar.

Men V fekk ei viss oppslutning til einskildframlegga, frå KrF, H (subsidiert), Raudt og Frp. Det galdt særleg oppfølging miljø- og klimaplan, inventar og utstyr skule og skjerming/vegg mellom Tunshovden gravplass og leikeplass Vangen skule.

Dvs. at Venstre denne gangen fekk langt større oppslutning om sine budsjettframlegg enn noko år før i valperioden!

Elles har spørsmålet om kva type bygningar som bør få fritak for eigedomsskatt, vore ei gjengangarsak både i FPL og KST siste par månadane. Til slutt stod det om kva bygningar som skal fritakast p.g.a "historisk verdi". (jfr. Fleischers hotell, gammal og ny del) Sluttresultatet denne gang — som også V stemte for – var å berre ta med bygningar på fylkeskonservatoren si liste over freda bygningar. Men ei gruppe skal over nyttår sjå nærmare på aktuelle bygningar, m.a. ut frå Voss sin kulturminneplan.

Vidare heiter det i infobrevet: Torsdag 13.jan. bør alle Venstreinteresserte i Voss merka av i kalendaren! Då skal Voss Venstre ha årsmøte og nominasjonsmøte. Alle interesserte er velkomne! Det vil også bli lagt fram ei skisse til oppsett av programmet for komande valperiode.

2010 er snart over — med litt ujamn, men vel likevel brukeleg, Venstremarkering i politiske organ og i lokalavisa "Hordaland". 2011 er valår — og der vi m.a. vonar på gode innspel til og eit aktivt samarbeid om ein aktiv V-politikk framover!

Så vil vi ønskja dykk alle ei triveleg julehelg og oss alle eit godt år i 2011!
Mvh. Torstein Gunnarson Knut Olav Nestås
gruppeleiar leiar lokallaget

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**