Kontinuitet i Voss Venstre

Voss Venstre har hatt årsmøte. Årsmeldinga fortel om 2010 som eit jamt arbeidsår.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


2010 gav ein liten vekst i medlemstalet. Økonomien er tilfredsstillande, noko som trengst i eit år med kommuneval.

Kommunestyregruppa har også dette året vist att i lokalpolitikken. I tillegg til kultur, miljø og klima har Venstre sist år vore meir aktiv innan næringspolitikk. Og i budsjettet for 2011 fremja Venstre mange såkalla verbalframlegg om utgreiing m.v. om ønskjelege tiltak framover. Det er viktig at politikarane i større grad "set dagsorden".

Ei lokal meiningsmåling i august viste stor framgang for Venstre — noko som sjølvsagt er svært oppmuntrande for partiet!

Dei fleste i styret tok attval. Kasseraren, Torbjørn Bjotveit har flytta frå kommunen, og blei erstatta av Jostein Vandaskog. Elles består styret av: Knut Olav Nestås leiar, Anne-Jorunn Ryum Møen, Torstein Gunnarson og Geir Inge Kvitne, og med Jorunn Ytrefjord, Kai Hysing og Annlaug Helland som vararepr.

Dokument

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**