Glede og utfordring!

Årsmøtet i Voss Venstre vil uttrykkja si store glede over at Voss kulturhus no er opna. Med sine ulike lokale for varierte aktivitetar i eit arkitektonisk landemerke vil vossingar og gjestar frå eit stort område kunna få mange og rike opplevingar!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Huset vil styrkja Voss som regionsenter og slik bidra til ei positiv utvikling for vossabygda.

Bibliotek

Foto: Microsoft

Men kulturhuset gir også utfordringar. Gode kulturopplevingar kjem ikkje av seg sjølv – vossingane må sjå muligheitene, og gjera seg nytte av bygget. Og kulturhuset må få gode leve- og utviklingsvilkår. Venstre vil prøva å bidra til det.

Venstre er også glad for at Voss kommunestyre i budsjettmøtet før jul samrøystes vedtok eit framlegg frå Venstre, KrF og Høgre om å få ei utgreiing om opplegg for utarbeiding av ein kulturplan og for etablering av eit kulturråd.

Dette er viktig for å få til det samarbeid og samspel om kulturaktivitetar som er nødvendig for at Kulturbygd nr 1 — som fylkesmann Lars Sponheim sa ved opningstilstellinga — kan få ei positiv vidareutvikling!

Piano

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**