Samarbeid om næringsutvikling!

Årsmøtet i Voss Venstre registrerer med glede at det nye kontaktorganet mellom politikarar og næringslivet i Voss er kome godt i gang. 3 møte er avvikla i haust og vinter. Eit hovudtema så langt har vore korleis ein kan sikra og vidareutvikla eit livskraftig Voss sentrum når tunnelen bak Vangen blir realisert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Vidare vedtok Voss kommunestyre samrøystes i budsjettmøtet før jul at den såkalla "Strategisk næringsplan" skal rullerast i 2011. Utgangspunkt for vedtaket var eit fellesforslag frå Venstre, KRF og Høgre om utgreiing om gode vilkår for nyetablerar og ein kvar gründer. Desse framlegga blei vedtatt oversendt til Utval for nærings- og tiltaksarbeid for vurdering i "Strategisk næringsplan".

Eldre, seniorer

Foto: Microsoft

Ajourføring av denne planen — som har vore ein samarbeidsplan for kommune og næringsliv — vil gi ytterlegare gode høve for samdrøfting mellom næringsliv, politikarar og administrasjon.

Dialog og samarbeid er nødvendig for ei positiv utvikling for næringslivet i Voss! Venstre vil gjerne bidra her, og elles halda fram med å setja fokus på utviklingsvilkåra for næringslivet i Voss.

Finans

Foto: Luth

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**