Næringstomter i Voss kommune

Voss Venstre ynskjer eit nyskapande og kreativt næringsliv i Voss kommune. Me ynskjer at folk skal få moglegheita til å etablere bedrifter, som forhåpentlegvis vil føre med seg både verdiskaping og nye arbeidsplassar i kommunen vår. Ei viktig sak for Venstre i så måte, er saka om tilgang på næringstomter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


I sist formannskapsmøte var det ein god debatt om Istadmyrane. Det syner seg at Voss kommune ikkje har nokre ledige tomter å tilby i kommunens største industrifelt. Årsaka er at berre delar av feltet er kjøpt av kommunen, og tilpassa næringsformål. Det er dårleg nytt for ei kvar småbedrift , mellomstor- og større bedrift på Voss, samt for ein kvar gründer!

Eit samrøystes formannskap gav i møtet grønt ljos for at kommunen skal gå i gong med ein offentleg områdeplan for Istadmyrane.
– Så vidt eg skjønar er det i dag eit stort område midt i feltet som ikkje er utnytta, og som heller ikkje er innløyst av Voss kommune. Så dette bør vera ein opplagd stad å starte, sa Venstres Torstein Gunnarson. Kommunalsjef Torbjørg Austrud påpeika at Voss kommune ville kunne løysa inn dette arealet like fram til 2012, jf. sak i avisa "Hordaland", 27.1.2011.

Økonomisk balanse

Foto: Microsoft

Voss kommune har mange og store utfordringar i å framstå som ein næringsvenleg kommune, og det vil vere særdeles viktig at ein kan nytte Istadmyrane aktivt til næringsverksemd i framtida. Såleis er Venstre glade for å sjå at prosessen med reguleringsplanen no er i gong.

– No gjeld det å få innløyst dei delane av Istadmyrane som kommunen har opsjon på fram til 2012. Særskilt viktig er det med den mest sentrale delen av feltet, seier Gunnarson.

– Me har ein kjempejobb å gjere med tanke på og leggje til rette for nye bedrifter på Voss, seier Knut Olav Nestås, leiar av Voss Venstre. – Næringstomter er heilt klart viktig for å skape fleire arbeidsplassar, men òg vilje til å leggje gode rammer til rette for nye bedrifter. Venstres forslag om f. eks gründarstipend og rullering av ein heilskapleg næringsplan for kommunen, er eksempel på saker som me meinar er sentrale i så måte. I eit vidare perspektiv er også bustadtomter viktig; viss me skal ha ambisjonar om å få til ein auke i folketalet, hevdar Nestås vidare.

Hus

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**