Trine Skei Grande til Voss!

I samband med at Venstreleiaren deltek på nominasjons- og årsmøte for Hordaland Venstre fredag 4. og laurdag 5. febr. i Ulvik, blir det også tid til eit ettermiddagsbesøk på Voss om fredagen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


På Voss vil ho få vita meir om kultur- og festivalbygda gjennom omvising i det nye kulturhuset og orientering frå Festival Voss, Vossajazz og Ekstremsportveko.

Kl. 15.45 – 16.45 blir det så kafetreff i Kafe Tre Brør, der ein kan ta opp ulike spørsmål og bli betre kjent med den aktive parlamentariske leiaren for Venstre! Velkommen!! TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**