Gjenvalg på årsmøtet i Alvdal Venstre

Årsmøtet ble avholdt 2. februar og alle ordinære årsmøtesaker ble behandlet. Anders Wahl ble gjenvalgt til leder og Mali Hauen tok også gjenvalg til styret. Thor Arve Vartdal, Inge K. Haugen og Solfrid Brandvold var ikke på valg. Referatet kan du lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Løvetann

Foto: Wikipedia

Referat frå årsmøtet i Alvdal Venstre på Taverna tirsdag 2. februar 2011.

1. Innkalling og sakliste vart godkjent
2. Anders vart valt til møteleiar og Thor Arve som referent
3. Årsrapport for 2010 frå styret vart lagt fram (vedlagt). Skulemøtet i januar 2011 vart ikkje teke med sidan det høyrer inn under kalendaråret 2011. Alle var samde om at årsrapporten skal ta for seg kalendaråret 2010.
Ola E. kom inn på at det er behov for ei venstreliste i Folldal.
I vår var Ola E. på Biri på venstreskulen. Stein var der i haust
I november var Ola E., Stein og Anders med på nominasjonsmøtet til fylkestingsvalet i Elverum.
Årsrapporten vart einstemmig vedteke.
4. Årsrapport for 2010 frå kommunestyregruppa vart lagt fram (vedlagt)
Rapporten vart korrigert til at det berre var Ole Sylte Heggset har møtt som vara i kommunestyret. Ola og Stein har møtt som vara i formannskapet
I tillegg til det som står i rapporten vart det nemt at 1% av venta skatteinngang per år skal settast i klimafondet. Venstre har også fått med at resultatrapportering i skulen skal med i årsmeldinga
Forvaltningsrevisjonen kom med rapport om manglar på Solsida. Venstre sørga for at rapporten skulle foreleggast kommunestyret.
Ola J. roste kommunestyregruppa for det arbeidet som er gjort.
Inge syntes at det som kjem fram frå Venstre er fornuftige synspunkt, ikkje så populistiske, men det er sjølvsagt bra.
Ola E seier at den største utfordringa i dag er kanskje den populistiske og snevre sak til sak politikken.
Årsrapporten vart einstemmig vedteken.
5. Kasserar Inge Haugen la fram reknskapet for 2010. Reknskapet er godkjent av revisor Lars Ernst. Ei av utgiftene var blomstrar til Alvdal Ap sidan dei fylte 100 år. Alvdal Venstre var invitert på feiringa. Ved årsskiftet var det 17 648, 25 kroner på konto.
Reknskapet slik det vart framlagt vart einstemmig vedteke med ein korreksjon på 50 øre.
6. Det vart foreslått at kontigenten på 375 kroner skal vere uendra. Det vart også foreslått at styret brukar midlane etter behov i løpet av året. Det er ikkje laga noko budsjett sidan det ikkje fins nokon handlingsplan.
7. Mali og Anders vart valte som styremedlemmer for 2 år. Anders vart valt som leiar for eitt år. Lars Ernst vart valt som revisor for eitt år. Sigmund vart valt som medlem av valkomitéen for 2 år.
8. Det vart vedteke at Thor Arve og Inge reiser til fylkesårsmøtet helga 12 -13 februar på Hamar. Sigmund er første vara, Odd andre vara.
9. Ingen innkomne saker

______________
Thor Arve Vartdal
Referent

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**