Voss Venstre godt i gang i valåret!

Valliste på plass, arbeid med program og valkamplan i gang – det glir i Voss Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Lista til kommunevalet
er ferdig, dvs. eit par mindre endringar kan koma. Dei 4 første er dei same som sist; Torstein Gunnarson, Knut Olav Nestås, Anne-Jorunn Ryum Møen og Rolf Abrahamsen. Men elles er lista ei fin blanding av “gamle” og nye – med m.a. fleire nyinnmelde medlemer. Av dei 35 namna er 14 kvinner.

Arbeidet med program og valkampopplegg
er godt i gang! Styret skal fungera som valkamputval, og fordeler oppgåvene seg imellom.

Venstreleiaren Trine Skei Grande
var på eit kort, men vellykka, besøk på Voss 4. febr. . Sjå eige oppslag.

Til fylkesårsmøtet 5.-6-febr.
hadde Voss Venstre føreslått 2 fråsegner; om psykologtilbod i kommunane (skriven av Anne-Jorunn Ryum Møen), og ei om konkurranseutsetjing innan omsorg og rehabilitering (skriven av Jorun Ytrefjor). Den siste blei ikkje votert over, då Mona Hellesnes hadde eit innlegg om dette på gang i Bergens Tidende. Den første blei vedtatt som ein av 5. Den blei referert i “Hordaland” for 12.febr..

Mellom lesarinnlegga
i “Hordaland” siste vekene finn vi også eit par frå Venstre ; om “Glede og utfordring ved nytt kulturhus” frå Anne-Jorunn Ryum Møen, og “Eldreomsorg og sjukeheimsplass”, der Torstein Gunnarson bad Ap og Høgre leggja vekk gamle kjepphestar når ny plan for omsorg no skal behandlast.

I kommunestyremøtet
17.febr.. blei det ei kvass ordveksling i ei sak om utvida lånerame for Indre Hordaland Miljøverk. Torstein Gunnarson såg eit nei-framlegg frå Høgre og Frp som eit forsøk på å “strupa” ei god fungerande, og svært viktig miljøverksemd

Gunnarson gav også full støtte til korreksen frå kontrollutvalet om at kommunen ikkje hadde følgd opp eigne vedtak og retningsliner for eigarskapskontroll i kommuneeigde verksemder . TG

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**