BJØRN MAGNE HUFTHAMMER

Bjørn Magne er Venstre sin 9. kandidat til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Bjørn Magne Hufthammer

Foto: MK

Hei!

Eg heiter Bjørn Magne Hufthammer og er 29 år. Eg kjem frå Austevoll kommune og er
utdanna havbruksbiolog frå Universitetet i Bergen. For tida jobbar eg for Lerøy Vest. Eg sit òg på fylkestinget for Venstre.

Ei av dei sakane eg har jobba for i fylkespolitikken er ei betre yrkesfagleg utdanning. Etter mitt syn er det for mykje teori i yrkesfaga og teorisvake elevar taper i det systemet me har i dag. Derfor vil eg vere med på å utvikle ein yrkesfagleg skule med meir praksis og mindre teori.

Samtidig vil eg at lærarar og elevar skal få større moglegheit til å påverke kva læremiddel som skal
nyttast i den vidaregåande skulen. Slik eg ser det er det for mykje fokus på digtale læremiddel, og
desse er ikkje alltid dei beste. Skulane blir ofte tvinga til å nytte digitale løysingar, då dei er billegare enn alternativa. Det må blir meir fokus på at skulane skal ha høve til å velje dei
læremidlane som dei tykkjer er best.

Eg brenn òg for at ein skal utvikle det kommunale og regionale demokratiet. Etter mitt syn bør
fleire oppgåver flyttast frå staten til kommunane og fylkeskommunane. Ein bør òg arbeida for at det
skal bli færre kommunar og færre fylkeskommunar. Det trur eg vil føre til eit sterkare lokalt sjølvstyre og eit meir robust lokaldemokrati.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**