SYNNØVE KVAMME

Synnøve er 10. kandidat for Venstre til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Synnøve Kvamme

Foto: ukjent

Hei!
Eg heiter Synnøve Kvamme, er 20 år og kjem frå Granvin i Hardanger. Mitt politiske engasjement starta i 2005 då eg blei valt inn i Granvin Ungdomsråd. Her eg blei sittande i seks år, fem av dei som leiar. Gjennom ungdomsrådet blei eg kjent med staten sine planar om å bygga høgspentlinjer tvers gjennom Hardangernaturen, som eg frå dag éin har vore aktiv motstandar av. Kraftlinjesaka er utan tvil min kampsak nummer 1, og etter min tid som ungdomsrådsleiar var omme, har eg kjempa vidare gjennom Bevar Hardanger og folkeaksjonen.

Kampen mot Hardangermastene har også opna auga mine for andre samfunnsrelaterte spørsmål. Nokre saker som opptek meg spesielt er:

Demokrati
Det som kanskje har provosert meg mest i kraftlinjesaka har vore måten styresmaktene har opptredd på mot folket. Dette er ikkje første gongen at staten sin versjon ikkje samsvarer med røyndomen — dette burde bekymra fleire enn meg. Om me skal kunna kalla oss eit demokrati, må debattar førast på eit ærleg grunnlag!

Klima, miljø & natur
Det er for meg uforståeleg at nokon kan tvila på at klimaproblema heilt eller delvis er menneskeskapte — og Noreg har eit stort del av ansvaret. Eg meiner at all produksjon av fossilt brennstoff må stoppast og erstattast av fornybar energi, og det snarast. Derfor NEI til oljeboring i Lofoten og Vesterålen!

Ivaretaking av natur må kunna kombinerast med ivaretaking av klima
Urørt natur blir sjeldnare for kvar dag som går. Vindmølleparkar kan byggast til havs, og høgspentlinjer som er nødvendige for eit betre klima sett i eit globalt perspektiv, må leggast i kablar som skåner urørt natur!

Samferdsel og kollektivtransport
Den etter mitt skjønn fråverande satsinga på jernbaneutbygging i Noreg er nesten pinleg. Me burde for lengst hatt på plass lyntog mellom dei fire største byane, konkurransedyktige med den forureinande flytrafikken. Elles meiner eg at det i mykje større grad bør satsast på miljøvennleg drivstoff til biltrafikken, og sikkerheitstiltak på ulykkesutsette vegstrekningar må prioriterast framfor innstramming av budsjett. Me må spara liv framfor pengar!

Skule
Mi erfaring er at gode lærarar er synonymt med gode karakterar. Difor meiner eg at læraryrket må få høgare status, bli betre betalt og ikkje minst — vanskelegare å oppnå. Læraryrket er etter mi meining eit av dei viktigaste me har: det er faktisk lærarane som førebuar dei komande generasjonane på å bli ein del av samfunnet. Eg meiner også at grunnskulepensum må endrast. Dagens elevar lærer etter mi meining alt for lite om alt for mykje — fokuser heller på det ein faktisk har bruk for å veta, å lær oss heller meir om nettopp det! På denne måten trur eg også lekser vil verta overflødig.

Pelsdyrindustrien
Det er for meg ubegripeleg at staten subsidierer ei næring som held ville dyr i fangenskap for å produsera unødvendige moteklede. Dette er ingenting anna enn dyreplageri på det grovaste, og burde ha vore stoppa for lengst!

Eg er ikkje medlem av noko politisk parti, men Venstre er det partiet eg deler flest synspunkt med. Derfor takka eg også ja til å stå på fylkestinglista. For tida studerer eg exphil, exfac og kulturforståing i tropeparadiset Bali, og vurderer til hausten ei utdanning innan sosialt engasjement. Eg er full av sterke meiningar om mangt, og ser for meg ei framtid der eg kan vera med å påverka samfunnet i riktig retning.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**