Ja til parkering, nei til hytter ved Stølsviga

La oss vedta å lage ein reguleringsplan, bygge parkeringsplassar og sikre tilgang til både Stølsvika og friområda. Men ingen nye hytter og hus i området.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

Eg viser til fleire lesarinnlegg og innspel til kommuneplanutvalet om Birger Bakkes byggeønske ved Havsøyveien/Stølsvika. Venstre har gått sterkt mot desse planane, både da det handla om 20-25 hytter i bytte mot parkeringsplassar og nå når det handlar om tre hytter i same byttehandel. Venstre meiner ein slik plan tar hol på eit stort, samanhengande, nødvendig og ønskeleg friluftsområde. I kommuneplanutvalet fekk vi fleirtal ved første gongs behandling takk vere dobbeltstemma til utvalsleiar Robert Cornels Nordli, Arbeidarpartiet. Så snudde fleirtalet og gjekk inn for bygging da Frp ville ha ny behandling fordi ikkje alle hadde vore tilstades. Fylkesmannen vil nekte byggeplanen. I kommuneplanutvalets møte 16. mars stemte berre Venstre og Arbeidarpartiet for å stoppe planane. Fleirtalet stemte dessverre for å åpne området for utbygging med den risikoen vi nå ser: fleire andre grunneigarar vil også bygge der viss Birger Bakke får lov.
Kommuneplanutvalet hadde same problemstilling i eit område mellom Skare og Hastensund. Der ville ein grunneigar bygge 8 hytter midt i jomfrueleg terreng. Mellom Skare og Hastensund var det berre SV, Senterpartiet og ein frå Frp som ville ta hol på det store samanhengande friluftsområdet. Venstre foreslo å avvise forslaget, og er glade for at vi fekk fleirtalet med oss.
Eg håpar at konklusjonen også for Stølsviga-Havsøyveien blir at vi til slutt får fleirtal i bystyret for å ha området som friluftsområde, utan hyttebygging. Fylkesmannen kan heller aldri gi seg på innsigelsen. Det vil vere heilt i strid med dei interessene Fylkesmannen har ansvaret for å passe på.
Men la oss starte ein prosess så kan vi få fleire parkeringsplassar for alle barnefamiliar som koser seg i Stølsvika.

Jan Kløvstad
Venstres medlem i kommuneplanutvalet i Arendal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**