Eskil Nerheim til Landsmøte i Trondheim

Fyrstkomande helg reiser Suldal Venstre sin 1.kandidat, Eskil Nerheim, til Trondheim og Venstre sitt Landsmøte. Her skal han saman med Sauda Venstres Vegard Floa, ta opp saka om maksverdien i eigedomsskattelova. Dette er ei viktig sak for svært mange vasskraftkommunar. Vertskommunane for vasskraftutbyggingar — der eit fleirtal er minsteinntektskommunar – går kvart år glipp av fleire millionar kroner i skatteinntekter, som følgje av at det i 2004 vart innført ein maksverdi på verdisetjing av vasskraftverk.
Dette er den eine av i alt to resolusjonar som vil bli fremja på Landsmøte i frå Rogaland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Maksverdien i eigedomsskattelova er urettferdig og bør fjernast!

Eigedomsskattelova § 8 slår fast eit øvre tak for verdisetjing av vasskraftverk. Regelen gjer at dei aller fleste større vasskraftverk i Noreg ikkje blir takserte etter den reelle marknadsverdien, men etter maksimumverdien.
Minimums- og maksimumsverdiane vart fastsette av Stortinget i 2004 for å redusera dei negative konsekvensane for kommunane av ein periode med låge straumprisar, og var meint å vera midlertidige.

Venstre er oppteken av prinsippet om at skattemessig likskap skal gjelde for all kraftproduksjon, og meiner no det er på tide å avvikla denne unntaksbestemmelsen.
Med kraftprisar på 30-40 øre/kWh dei siste åra, saman med dagens marknadsverdiar, har departementet i statsbudsjettet for 2011 komme til at det samla tapet for kommunane er om lag 840 millionar kroner årleg ved å nytta denne reknemetoden i staden for ordinær verditaksering. Det finst ikkje noko politisk eller økonomisk grunngjeving for framleis å halda på denne ad hoc — tilpassinga av lovverket som vart gjort for å avhjelpa uheldige konsekvensar av ein konkret marknadssituasjon som no er heilt annleis.
Maksverdien er spesiell for vasskrafta, og tilsvarande skatterabatt finst ikkje i andre næringar, ei heller i anna kraftproduksjon som til dømes vindkraftanlegg, bioanlegg og bølgeanlegg. Venstre er oppteken av prinsippet om at skattemessig likskap skal gjelde for all kraftproduksjon.
Finansdepartementet har varsla ei brei høyring om maksverdien i eigedomsskattelova § 8, og at saka blir lagt fram for Stortinget i statsbudsjettet for 2012.
Ei oppheving av maksimumsverdien vil også gjere distriktskommunane mindre avhengige av statlege overføringar, noko som Venstre ser som eit sunt prinsipp.

Venstre støttar ei lovendring som styrkjer inntektsgrunnlaget til desse kommunane og krev derfor at maksverdien i eigedomsskattelova § 8 blir fjerna.

Mars 2011,
Suldal Venstre og Sauda Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**