Valprogrammet for perioden 2011-2015 er klart!

Programmet for kommande periode finn de på menylista til venstre. Ordførarkandidaten og leiaren er særs nøgd med det endelege resultatet. Takk for innspela som kom.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 Glad Venstregjeng i Jølster

Glad Venstregjeng i Jølster
Foto: Leif Kapstad

Det nye programmet kan lastast ned frå menyen til venstre eller lesast her:

JØLSTER VENSTRE PROGRAM 2011- 2015

Grunnsyn og ideologi — Folk først

Venstre byggjer sin politikk på dei liberale ideane der respekten for det einskilde mennesket står i sentrum. Alle menneska er frie og likeverdige, og i Venstre er vi opptekne av å setje folk først. Venstre skal formidle eit verdisyn bygd på vår kristne kulturarv, toleranse og humanistisk forståing i ei omskifteleg verd. Venstre vil ha eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn, der folk har fridom og høve til å skape sin eigen veg til det gode liv, og vi tar ansvar for kvarandre og for miljøet.

Eit levande folkestyre er avhengig av mangfald, engasjement og brei representasjon. Vi vil møte strøymingar som truar demokratiet, med eit opnare samfunn og demokratiske prosessar, samstundes som vi ikkje skal vere naive i møte med desse nedbrytande kreftene. Difor vil vi ha mange med oss til å forme framtida i Jølster, og ønskjer å setje vårt tydelege preg på den politikken som skal førast i kommunen.

Skule, barnehage og fritidsaktivetar skal bidra til gode oppvekstmiljø

Jølster Venstre har som mål å gje alle born ei best mogeleg opplæring etter interesser, evner og føresetnader. Vi vil at barndomen skal bli prega av tryggleik meir i form av menneskeleg nærleik enn av romslege materielle rammer. Denne tryggleiken får borna først og fremst i familien og i det nettverket som kommunen skapar i barnehagar, skular, lag og organisasjonar.
Vassenden Skule har i dag for lite areal til kroppsøving, ca 40 % av undervisninga har ikkje tilgang på gymsal. Det er vidare for lite areal til den organisert idretten, både hallidrett og fotball. Venstre ser det som naturleg og einaste alternativ å sjå ein fleirbrukshall i samanheng med behova til både Vassenden Skule, Mo og Jølster Vidaregåande skule og idretten. Den bør såleis byggjast i tilknyting til skulane, og der må også ei ny kunstgrasbane ligge, slik at ein kan dra nytte av garderobeanlegg mm. Jølster Kommune må gå i dialog med fylkeskommunen for å finne samarbeidsløysingar som også tener den vidaregåande skulen.
Venstre vil arbeide for:
– kompetanseutvikling og hospiteringsordningar for pedagogisk personale
– god og kompetent lærartettleik i barnehage og skule
– å fremje den generelle tilpassa opplæringa, og styrke det spesialpedagogiske arbeidet i skule og barnehage. Dess tidlegare ein set inn dei naudsynte tiltaka, dess større nytte har eleven av spesialpedagogiske tiltak.
– stimulere og gi støtte til helseførebyggande tiltak i skule og barnehage
– oppveksttun for born i alderen 1-9 år, dvs. skule lokalisert i lag med den nye barnehagen i Langhaugane. Dette som eit alternativ til meir utbygging av Vassenden skule, om det igjen vert plassproblem der. Vi vel denne løysinga framfor felles ungdomsskule i kommunen som vil medføre mykje unødig skuleskyss.
– fleirbrukshall på Vassenden, lokalisert i nærleiken av Vassenden skule.
– møteplassar for ungdom, gjerne drive av ungdomen sjølv med hjelp av ein miljøarbeidar
Busetnad og næring

Gode butilhøve og lett tilgang til teneste- og fritidstilbod er ein føresetnad for ein god kvardag. Jølster bør med si sentrale plassering i fylket med tilgang til fleire arbeidsmarknader, vere ein attraktiv bu- og etableringskommune.

Venstre ser det som viktig å oppretthalde eit desentralisert landbruk med variert bruksstruktur og allsidig drift. Landbruket ivaretek på denne måten oppgåver som samfunnet må være villig til å betale for også i framtida.

Venstre vil arbeide for:

– ein handlingsretta arealplan, slik at vi er i forkant av utviklinga og kan møte nærings- og bustadetableringar på ein offensiv måte.
– å ha nok bustadtomter til ei kvar tid, og med god standard på byggjefelta
– bustadfelt i grendene
– å ha areal tilgjengeleg både i Skei- og Vassendenområdet for næringsetableringar
– ei praktisering av bu- og driveplikta for gardsbruk som fremjar bulyst og fast busetnad — "lys i alle hus"
– å sikre E-39 som transportåre for næringslivet ved å trygge vegar for mjuke trafikantar. I samband med arbeidet på E-39 vil Venstre krevje samanhengande gang- og sykkelveg frå Våtedalen til Førde sentrum.
– at grunneigarar kan utnytte vasskraftressursane som eigedomen har, så lenge inngrepa ikkje har for store konsekvensar for vassføring, fisk og miljøet elles.
– at Jølster sine kvalitetar når det gjeld naturbasert friluftsliv og idrett, byggjer opp om kommunen/regionen som reiselivsdestinasjon

Helse og Omsorg

Venstre ser kor viktig det interkommunale legevaktsamarbeidet er for å rekruttere legar til distriktet. Det vert viktig å styrke dette samarbeidet slik at det vert robust nok til å vere ei sikker teneste for innbyggarane i regionen.

Jølster har i dag ei god utbygd teneste innan helse og omsorg. Frå 1.1.2012 skal samhandlingsreforma innførast. Grunntanken er at mest mogleg av helseoppgåvene skal løysast på lågast mogleg nivå. Dette er eit prinsipp som Venstre støttar. Innføringa av reforma vil bety at kommunane vil stå ovanfor nye store utfordringar innan helse og omsorg, spesielt innan førebygging og rehabilitering. Venstre ser heilt klart at dette arbeidet er så omfattande at Jølster vil måtte samarbeide med andre kommunar, for å klare desse store oppgåvene. Venstre er opne for å sjå på kommunestruktur dersom oppgåver, tenestetilbod og rekruttering av fagpersonell krev det.

Venstre vil arbeide for:

– at pleie og omsorgtenesta i Jølster har nok plassar både på Skei og Vassenden til alle som treng det, i enten heildøgnsbemanna tilbod (sjukeheim) eller i omsorgsbustader. Tenesta må tilpassast den enkelte brukar, samt ha rett dekningsgrad/ utbyggingsgrad i høve til tal eldre og andre brukarar med behov i kommunen.
– at omsorgstenesta gjev varm velferd og verdig liv til dei som treng det. Pasientane skal bli møtt med respekt, omsorg og naudsynt kompetanse i denne fasen av livet.
– sikring av god helse- og omsorgsteneste ved at personalet jobbar i tverrfaglege team, som ser heile mennesket og har som målsetjing at livet til kvar enkelt skal bli så bra som mogleg
– arbeidstrening og attføring
– rusfrie møteplassar for ungdom som ungdomslag og frivillige organisasjonar, i tillegg til ungdomsstyrte møteplassar
– auka satsing på førebyggjande helsevern
– sikre ei god oppfylling av samhandlingsreforma i samarbeid med kommunane rundt og helseinstitusjonar det er naturleg å samarbeide med, med m.a. hospiteringsordningar.
– at Livsmeistringssenteret får statleg støtte og kan halde fram med å tilby si verdfulle hjelp til dei menneska som har nytte av deira kompetanse. Livsmeistringssenteret vil også kunne vere til hjelp i opplæring av helsepersonell i samband med samhandlingsreforma.

Natur og Miljø

Jølster er ei vakker bygd, og alle inngrep må ta omsyn til estetikk og landskapsbilete.
Venstre seier klart nei til framføring av den nye kraftlina gjennom Jølster. Fleire av forslaga ligg nær byggjefelta i Eikås krins, og lina vil skjemme utmarks- og fjellområde i bygda mykje.
Venstre vil slå ring om allemannsretten til m.a. tilgjenge til strandline og fjellheimen. Kvar og ein har ansvar for å få slutt på lokal ureining. Gang- og sykkelvegar vil gjere det mogeleg for folk å gå eller sykle til jobb og skule.

Venstre vil arbeide for :
– tilrettelegging av samanhengande sykkelvegar
– ruste opp den Trondhjemske Postveg slik at den kan nyttast til turgåing, sykling etc.
– ivaretaking av kulturlandskap og kulturminne
– kraftutbyggingar vert utført utan store naturinngrep, og der vassføring og fisk vert sikra
– naturen i større grad vert teken i bruk i næringssamanheng, ved t.d. ridesenter, fjellsport, klatring, brevandring, rafting, padling, terreng- og fjellsykling m.m

Kultur

Det viktigaste kulturarbeidet i Jølster blir lagt ned i dei frivillige organisasjonane.

Venstre vil arbeide for:
– auka støtte til frivillige organisasjonar gjennom kulturmidlar.
– at det vert bygd fleirbrukshall i nærleiken av Vassenden skule. Det vil styrke tilhøva for idretten, samt gje bygda eit høveleg forsamlingslokale
– nærmiljøanlegg i grendene/byggefelta for dei yngste
– å videreutvikle Astruptunet som er ein viktig kulturinstitusjon for Jølster, fylket og Noreg. Astruptunet og Eikaasgalleriet skal vi vere stolte av!
– å utvikle tilboda i kulturskulen, m.a. ved å bygge ut musikkromma på skulane med høveleg utstyr for bandverksemd og samspel.
– å styrke kommuneadministrasjonen på kulturfeltet

Samferdsle og kommunikasjon

Hovudtransportåra gjennom Jølster, stamveg E39, har hatt ein årleg sterk trafikkvekst. Dette krev støyskjerming mot byggefelt som ligg nær vegen, og utbygging av gang- og sykkelstiar for dei mjuke trafikkantane. Vi vil arbeide for utbygging av sykkelveg langs heile E39 frå Førde til Våtedalen , og at E39 som stamveg vert rusta kraftig opp på denne strekninga. Kommunen er til for innbyggjarane, og skal vere ein pådrivar for utvikling.

Venstre vil arbeide for:
– ei kraftig opprusting av E39 frå Førde til Våtedalen, med gang- og sykkelveg langs heile strekninga.
– betre kollektivtilbod i regionen, slik at fleire vel å bu i Jølster sjølv om dei har arbeidsplassen i andre kommunar
– å utvikle fibernett i kommunen til eit nett med meir kapasitet ut til bedrifter, hus og heim.
– at Jølster skal bli ein digital kommune med velutvikla elektroniske tenester, internettside,
og papirbasert informasjon til dei som ynskjer det.

Tankar om framtida
Kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular er ein sterk region med god folketalsutvikling og ein særs godt integrert arbeidsmarknad med rimeleg korte og ferjefrie avstandar. I den komande perioden er dei viktigaste sakene å samarbeide om i Indre Sunnfjord-regionen:
– – Ny E39 gjennom Sunnfjord. Dette er den viktigaste samferdslesaka dei neste åra. Vi må stå saman og arbeide for høg prioritet i Nasjonal Transportplan og oppstartsløyvingar gjennom statsbudsjettet.
– – Den vidaregåande skulen i fylket er sett under kraftig press, då det er venta stor elevtalsnedgang i åra som kjem. Indre Sunnfjord er derimot ein vekstregion, og vi må arbeide for å oppretthalde og utvikle dei vidaregåande skulane i Førde og Jølster.
– – Kommunane kan samarbeide om felles næringsareal, slik Jølster og Førde no gjer på Moskog.
– – Sentralsjukehuset er viktig for innbyggjarane i våre kommunar, men også for heile Sogn og Fjordane. Vi vil arbeide for ei styrking av sentralsjukehuset og motverke ei nedbygging av spesialisthelsetenestene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**