Venstre vil ha liv i Barbu og liv i sentrum

– Venstre vil ha liv i Barbu og liv i sentrum. Vi vil ha eit grønt Barbu, og vi vil ha at mange skal få sjanse til å gå og sykle frå der dei bur til sentrum og til ein solid og god park med mange aktivitetar, sa Jan Kløvstad i bystyredebatten om Barbu i kveld.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Barbu med Barbu kirke

Foto: Jan Kløvstad

Vi har vore med i alle møte i både kommuneplanutvalet og i arbeidsverkstadane der Barbu har vore diskutert, og vi er godt nøgde med prosessen.

Vi har gått gjennom dei 9 alternativa, og vi har landa på alternativ 3. Både i kommuneplanutvalet og i planutvalet har vi stått aleine om dette mest parkvennlege alternativet.
I kveld håpar vi å få med fleire, – få med fleirtalet for alternativ nr. 3. Dette alternativet vil gi stor park. Vi kan lage samanhengande grønt belte gjennom Barbudalen og heilt til Bomuldsfabriken. Dei nye retningslinjene for regionale parkar gir oss gode sjansar for hjelp frå staten og kanskje også EU til finansiering av både planlegging og anlegg av park og ein grøntkorridor. Noe må vi sjølvsagt rekne med å bidra med sjølv også. På same måten som fylkeskommunen har hjelpt godt til med Stangholmen i Risør, bør vi kunne rekne med same type prioritering her hos oss. Ein park er altså ikkje berre netto utgifter som vi ofte har fått inntrykk av i prosessen så langt. Stavanger er ein kommune som har fått godt med statstilskot for liknande parkanlegg. Kristen Bjormyr har vore på tur i Göteborg. Eg har budd i Göteborg, og oppdaga nok atskillig større parkar og store grøntområde langs kanlane enn Kristen Bjormyr tydelegvis fekk med seg.

Vi får også utbygging i vest. Vi treng både kontor og bustadar så nær sentrum. Alternativ nr. 3 gir eit stort bygg heilt i vest, eit bygg som er innanfor dei same siktlinjene som Havnegården som alt er vedtatt.

Vi er sterkt skeptiske til høge bygg aust for elva. Blant dei mange argumenta mot utbygging der er også grunnforholda, slik fagfolk har tatt opp under prosessen. Vi er også engstelege for at forholda for fiskemottaket kan bli vanskelege med hus heilt innpå. Det vi likar godt med samtlege planforslag er åpning av Barbuelva, flytande badeplass og pollen borte ved Kystverket. Og vi likar rådmannens forslag om å gjere sentrum grønnare. Rådmannens forslag skal ikkje gå på bekostning av grønne interesser i Barbu, men skal vere eit godt tillegg.

Venstre har reist ein tanke til, både i kommuneplanutvalet og planutvalet. Det gjeld området vest for planområdet, innanfor planområdet for Dauholla og Kunnskapshavna. Langs Skydebaneveien, på begge sider av vegen, kan grunneigar eller andre bygge stort og på den måten gi husrom for enda fleire brukarar av både parken og bysentrum. I kveld er det ikkje rom for å gjere noe vedtak om bygging utanfor planområdet for Barbubukt. Hansken er likevel kasta: Venstre håpar utbyggarar kjem med gode forslag om utbygging der.

Venstre likte ikkje at vi kom i mindretal for det vi meiner er den mest demokratiske avstemmingsmåten. Vi er redde for at avstemmingsmåten som blei valt er direkte uheldig og kan føre til at vi ikkje får avspegla dei relle haldningane i bystyret. Men — vi får heller ta seieren i neste runde, ved å få fleirtal for alternativ nr. 3.

Venstre tapte avstemmingsmetoden, der vi berre fekk støtte frå Høgre, Pensjonistpartiet, KrFs Knut Mørland og ein frå SV. Resten av debatten viste at vi dessverre fekk rett i at den vedtatte avstemmingsmetoden gjorde det vanskelegare for representantane å stemme for sitt alternativ.

Så kom debatten, og etter fleire omgangar blei alternativ nr 7 med tung utbygging vedtatt med 21 stemmer. I siste omgang stemte Venstre for Høgres forslag om eit moderert forslag nr. 7.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**