Tok opp saka om eigedomsskatt med Trine Skei Grande

Under Landsmøtet i Trondheim tok 1.kandidat i Suldal Venstre, Eskil Nerheim, opp saka om maksverdien i eigedomsskattelova direkte med leiar i Venstre, Trine Skei Grande.
Resolusjonsforslaget i frå Suldal og Sauda Venstre blei dessverre ikkje prioritert blant dei 6 resolusjonane som Landsmøte vedtok å fremje, men Skei Grande oppmoda Eskil Nerheim og Suldal Venstre til å sende saka over til Stortingsgruppa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Elles nemner Nerheim ein svært god og inspirerande tale frå leiar Skei Grande som eit høgdepunkt. “Folk først” er slagordet for Venstre, og det er nettopp det å setja menneske før system som er ein raud tråd i politikken vår. Då Skei Grande prata om miljø tok ho fram eit bilete av sin grandnevø Linus for å illustrera at klimautfordringa me står ovanfor dreiar seg om å sikra framtida til våre barn og barnebarn, ikkje sikra vår framtid. “Linus først” vart etter det eit munnhell blant delegatane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**