Raundalsvassdraget må forbli verna!

Voss kommunestyre skal 12. mai behandla spørsmålet om kommunen skal gå inn for å få oppheva vernet av Raundalsvassdraget. Dette er ei svært viktig sak, ikkje berre for Voss, men også for Vestlandsregionen og landet!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Dette lesarinnlegget sto på trykk i avisa “Hordaland” onsdag 27. april:

Kommunestyret skal – i kommunestyremøtet nemnt innleiingsvis i ingressen – vega mot og for utbygging i eit verna vassdrag. Mot utbygging tel særleg at Stortinget har plassert vassdraget i høgaste verneklasse, at framtidssatsinga for Voss er sterkt knytt til naturopplevingar, og eit samfunnssyn der omsynet til verdiane i naturen og til dei neste generasjonane står sentralt. Og i bakhovudet må vi også ha med at ein berre kan forsetja med ei samfunnsutvikling som krev stadig meir energi, både lokalt og globalt. På den andre sida viser utbyggingstilhengjarane til behovet for rein kraft, til klimaomsyn og til framtidig(om 9-10 år) økonomisk gevinst for ein dal prega av fråflytting og stagnasjon, og for Voss kommune.

Finans

Foto: Luth

Venstre meiner det er ein stor gevinst å henta i meir vasskraft i Noreg. Det gjeld både ved nye tekniske løysingar, ved småkraftverk etc. I Voss har Venstre f. eks slik stemt for utvida kraftverk i Palmafossen, for småkraftverk i Vanjolo, men gjekk mot nedbygging av Hofmannafossen på Bolstad. Dvs. at kvart einskild utbyggingsprosjekt må vurderast kritisk i høve andre verdiar. Og dessverre sit vi også att med ei negativ kjensle og fleire spørsmål til utgreiinga som er lagt fram. Negativ kjensle p.g.a alle honnør- og forskjønnande ord som er nytta i samband med utbyggingsalternativet, og med dei store gevinstane som nærmast blir lova.

Skole, elev, tavle, undervisning

Foto: Microsoft

Er det drøfta med sentrale styresmakter, og realistisk, at ein så stor sum(280 mill.) kan bli avsett til eit vegformål, ein fylkesveg? Vil ikkje det føra med seg ein umogleg presedens for Stortinget? Og administrasjonen føreslår/ nærmast føreset at ein framtidig potensiell CO2-vinst kan gje Voss kommune mange millionar. Finst det eksempel på dette? Og kvifor ein slik åleinegang? Ikkje drøfta med Ulvik. Fylkeskommunen i høve til regionale planar? Reiselivsorganisasjonane for Vestlandet?

Spørsmålstegn

Foto: Nettstedet www.sxc.hu

Det blir antyda at sterke interesser no ønskjer å revurdera verneplanar som allereie er vedtekne av Stortinget. Men skal Voss vera ein spydspiss for ei slik utvikling? Eit Voss som satsar stort på vekst og utvikling gjennom naturopplevingar av ulike slag?

Vi i Voss har eit særprega vassdrag, dalføre og fjellområde som Stortinget for vel 20 år sidan plasserte i høgaste veneklasse. Dette ligg mellom utbygde område både sør(Hardanger, Sauda) og nord(Sogn) for oss. Vi har dermed eit ansvar også i høve til Vestlandet og i høve til landet. Vi har eit ansvar for at framtidige generasjonar kan oppleva naturverdiane her. Urørt natur blir ei stadig større mangelvare!

Fjord

Foto: stock.xchng

Og igjen: naturverdiane er eit hovudelement i reiselivssatsinga i Voss! Den ville elva og dalen er alt ein viktig del av merkenamnet Voss, ikkje minst gjennom raftinga og padlinga!
For Venstre er konklusjonen klar: Raundalsvassdraget må oppretthaldast som verna vassdrag!

Torstein Gunnarson
Ordførarkandidat Voss Venstre

Knut O. R. Nestås
2. kandidat og leiar Voss Venstre

Venstre logo liggende

Foto: Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**