Folk først!

Venstre er eit sosialliberalt parti. Dette vil seia at me er eit parti som set fokus på menneske framfor system, og på same tid solidaritet framfor egoisme. Kvar einskild av oss skal bli sett og respektert for den me er, ikkje bli forma inn i eit på førehand tenkt system. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre seier FOLK FØRST!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


For oss i Suldal får Venstre sitt slagord dobbel tyding. Me slit med folketalet i kommunen, og dei tiltak som har vore gjort dei siste 20 åra, har ikkje snudd denne trenden. Difor set me oss følgjande mål:
4000 INNAN 4 ÅR!
For å få til dette vil Suldal Venstre kjempa for:
– Attraktive og byggjeklare tomter i alle grender. Med plass til fleire folk!
– Skular i alle grender. Med plass til fleire elevar!
– Barnehagar i alle grender. Med plass til fleire ungar!
– Næringshagar og næringstomter i alle grender. Med plass til fleire verksemder!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**