10 minutt frå samrøystes prinsipp til å vedta det motsette…

– Nå har vi nettopp vedtatt å støtte eit strategidokument om samarbeidet i Østre Agder. Der vedtok vi at det ikkje skal bli fleire interkommunale selskap eller etablering av samkommune, sa Jan Kløvstad i bystyret torsdag. Og så er vi

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


invitert til å fatte vedtak om omorganisering av Agder Renovasjon til nettopp eit IKS (interkommunalt selskap). Agder Renovasjon fungerer utmerka, og det einaste behovet vi har hatt er å få ført rekneskapa slik at også vi vanlege folk kan forstå dei. I sakspapira ser eg at både styre og administrasjon vil ha AS i stadenfor IKS. Eg foreslår at heile saka blir sendt tilbake, for å få eit forslag i tråd med ønska i styre og administrasjon i Agder Renovasjon.

– Vi kan ikkje bryte eit prinsipp berre ti minutt etter at prinsippet er vedtatt, sa Jan Kløvstad, som blei ståande aleine i formannskapet. I bystyret fekk Venstres Dega Abdi Aman og Jan Kløvstad med seg Atle Svendal og Josef Hæier frå Arbeidarpartiet, mens 35 stemte for å omdanne Agder Renovasjon til IKS.

Så nå blir Agder Renovasjon eit interkommunalt selskap, – slik det IKKJE er tilrådd at noe samarbeid i Østre Agder skal bli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**