Venstre vil ha fysiske skiller langs heile E18

Arendal Venstre vil ha fysiske skiller mellom E18 og gang- og sykkelveg gjennom heile Austre Moland, når formannskapet skal diskutere vegprioriteringar på fylkesvegnettet og forslag til prioritering av trafikksikkerhetstiltak i gang- og sykkelvegnettet onsdag 1. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

 E18 og gang- og sykkelvegen like ved bensinstassjonen på Longum

E18 og gang- og sykkelvegen like ved bensinstassjonen på Longum
Foto: Jan Kløvstad

Venstre vil at formannskapet vedtar dei foreslåtte prioriteringane og også vedtar eit tillegg:
“Arendal bystyre krev fysisk skille mellom E18 og gang- og sykkelveg på gjenståande strekninger i Austre Moland.” E18 er ikkje fylkesvegnettet, men det er viktig å gi vegvesenet klar melding om kva som er aller viktigast av nye tiltak for eit tryggare liv for barn og unge.

Årsdøgntrafikken på E18 er på drygt 11 000 nå. Mellom E18 og barna på gang- og sykkelveg er det som oftast berre ei grunn grøft som ikkje kan stoppe ein einaste bil, verken liten eller stor. Fleire ganger i året står bilar og store vogntog på gang- og sykkelvegen til stor fare for gåande og syklande. Seinast i vinter stod ein trailar på tvers over gang- og sykkelvegen mellom Holtebekk og Dalen sjå oppslag i Agderposten. Det manglar fysisk skille som autovern eller sementblokker frå Lillevåje til Haugenesvegen, frå litt sørvest for Brekka til 50 meter før Nesheim, frå 200 meter sør for Nesheim til mellom Longum og Ytre Longum. Det bur mange barn særleg på Lonaåsen og Longum.
Gang- og sykkelvegen langs E18 Lillevåje-Stølen er skoleveg for over halvparten av elevane på Nesheim skole. Resten bor på andre sida av E18 og har utrygg kryssing av vegen. Det er også mange syklistar tur-retur arbeid i Arendal eller på tur eller trening på kveldstid og i helgene.

Langs den komande gang- og sykkelvegen Lillevåje-Tvedestrands grense må det kome fysiske skille mellom E18 og gåande og syklande som del av anleggsarbeidet.

Målet er tryggare skoleveg og sykling til fritidsaktivitetar. Og så ventar vi — og arbeider hardt for — ny og trygg E18 utan ulykker så fort som mogleg.

Jan Kløvstad, gruppeleiar i Arendal Venstre og varamedlem til formannskapet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**