Info.brev for mai

Lurar du på kva me har gjort sidan sist månad? Her er svaret!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Saka om oppheving av vernet for Raundalsvassdraget er den viktigaste politiske saka behandla i kommunestyret (KST) siste månaden. I møtet 12. mai stemte 10 repr. for Venstre og SVs forslag om at Voss kommunestyre går inn for å oppretthalda vernet av Raundalselva. Deretter stod det att å votera over fleirtalsframlegget frå formannskapet om å arbeida for oppheving av vernet, og eit framlegg frå Hans-Erik Ringkjøp frå Ap om å senda heile utgreiinga over til departementet for bruk i ei event. vurdering av tidlegare vernevedtak. Både Venstre og SV valde då i andre omgang å røysta for Ringkjøps forslag. Dette fekk då same røystetal som utbyggingsforslaget, men oppheving av vernet blei vedtatt med ordføraren si dobbelrøyst!

Saksdokumenter

Foto: Microsoft

I KST-møtet 12. mai var det elles ein viss debatt om å oppretta eit mellombels barnehagetilbod i underetasjen på Hagahaugen. Høgre føreslo utsetjing og andre alternativ nærmare utgreidd. M.a. av omsyn til at alle barn (44) og foreldre må få vita om, og kvar, dei har eit barnehagetilbod til hausten (er lovpålagd) gjekk Venstre og det store fleirtalet i KST inn for Hagahaugen. Opplegget er planlagt å vara i 2 år. Det vil vera god plass att i Hagahaugen til forventa opplegg i samanheng med samhandlingsreforma m.v.

Bokstaver, skole, alfabet

Foto: Microsoft

I samband med tilstandsrapporten 2010 for grunnskulen peika Gunnarson m.a. på at omfang av oppgåver har auka i seinare år, og at testar og rapportar tar for mykje tid frå undervisninga. Vidare at desse og ymse praktiske (vaktmeister) oppgåver for rektor også tar for mykje tid frå det pedagogiske.

Formannskapet (FPL) har hatt 2 møte sidan siste info.brev. I møtet 5. mai spurde Gunnarson om når og på kva måte ein politisk ville få behandla Jernbaneverket sine planar i samband med krav til lengde plattformer, noko som i verste fall kan medføra nedlegging av mange stopp innan Voss, særleg i Raundalen. Ordføraren svara at saka ville koma til høyring i nærmaste framtid.

Lokaltog til Skøyen ved Årnes stasjon

Foto: Sesselja Bigseth

Eit anna spørsmål om kor langt administrasjonen var komen med notatar som KST i desember bad om å få; samarbeid med frivillige/organisasjonar, om kulturplan og kommunalt kulturråd, og om høgre utdanning, blei utsett til møtet 25.mai. Men i dette møtet var berre svaret at dei ikkje var ferdige!

Sentrale saker i KST 16. juni vert elles m.a. revidering av kommuneplanen, årsmelding og rekneskap, og rekneskapsrapporten for 1. kvartal, som begge viser at kommunen er inne i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon!

Mona Haugland Hellesnes

Foto: Kjartan Almenning

Mona Hellesnes, 1.kandidat på fylkestinglista for Venstre, var 6. mai på Voss. Etter eit opplegg frå Voss Venstre, besøkte ho – i lag med Anne-Jorunn Ryum Møen og Torstein Gunnarson – Ole Bull Akademiet, Vestnorsk kulturakademi og Voss gymnas. Her fekk vi orientering om status og utfordringar for regionale høgskuleutdanningar og for vidaregåande skule . Opplegget var også ein del av ein landsomfattande Venstre-kampanje no om å besøka utdanningsinstitusjonar o.l.

Ta gjerne kontakt om det skulle vera noko!

Beste helsing

Torstein Gunnarson (911 71 590 — [email protected]) og Knut Olav Nestås
(41206132 — [email protected])

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**