Ordførar bør få stortingsrepresentantlønn, seier Venstre

– Ordføraren i Arendal har ei stor arbeidsmengde og bør få same løn som ein stortingsrepresentant, foreslår Venstre. Dette vil gi ca kr 82 500 mindre til ordføraren. Vi må halde eit fornuftig og moderat lønnsnivå, seier Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Fleirtalet i helse- og omsorgskomiteen, som har laga innstilling til bystyret i dag vil at ordførar skal ha 75% av statsrådslønn. Venstre fekk berre med seg ein frå Høgre og ein frå SV i forslaget om å vere moderat i lønnsnivået og halde seg på same nivå som stortingsrepresentantane. I praksis vil forskjellen mellom Venstre og fleirtalet vere at ordførar i neste periode vil få kr 750 900 om Venstre får fleirtal, og kr 833 400 om fleirtalet i organiseringsutvalet og helse- og omsorgskomiteen får fleirtal også i bystyret.

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

– Å bli vurdert på same linje som ein stortingsrepresentant bør vere fornuftig for ein ordførar i ein såpass stor kommune som Arendal, seier Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad, som legg til at ei årslønn på kr 750 900 bør vere svært attraktiv. Seinare i dag har regjeringa bestemt auke av statsrådsløn og stortingsløn, sjå NRK.no. Derfor er også detaljsummane i denne artikkelen noe justerte utfrå nye tal sidan Venstre stilte forslaget i formiddag.

Bystyret skal vedta ny organisering av det politiske arbeidet og nivået for lønn og godtgjersler for perioden 2011-2015. Venstre støttar forslaget frå ein komite, der noen av hovudlinjene er å halde på komitestrukturen, slå saman planutval og kommuneplanutval, styrke formannskapet og justere noen av godtgjerslene. Venstre støttar også forslaga om godtgjersler rekna i prosent av ordførarlønna for andre kommunale verv. Totalt vil Arendal kommune spare rundt 9,8 % av utgiftene til politikarane om Venstre får fleirtal. Venstres linje er oppfølging av Venstres forslag også for fire år sidan, da Arendalspolitikarane fekk eit enormt lønnsopprykk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**