Suldal er avhengig av eit vitalt næringsliv

Primærnæringane, bergverksindustrien og Suldal som turist- og hyttekommune er viktige fundament for all næringsaktivitet. Desse ressursane må vidareutviklast til det beste for innbyggjarane, kommunen og næringa sjølv. Sjøområda våre har mykje å seia for matproduksjonen, og havbruksnæringa er ein viktig arbeidsplass.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Difor vil Suldal Venstre stø opp om dei som ønskjer å utvikla havbruksnæringa og gjera denne meir framtidsretta og miljøvenleg. Me vil arbeida for at måla og intensjonane i den kommunale landbruksplanen vert realiserte, og at næringsfonda skal brukast aktivt og vera eit middel for å støtta nytenkjing og eit variert næringsliv i heile kommunen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**