Om skulen i Ørsta

Kommentar til Rune Hovde sitt innlegg i Møre Nytt 15. juni og lokallagsleiar
Geir Oddekalv sitt svar i Møre Nytt 18. juni

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Gunnar Knutsen

Foto: Ukjent

Det er ikkje vanskeleg å vere samd med Rune Hovde om at borna er framtida for Ørsta, og at ein treng ha meir fokus på skulen i åra som kjem. Spørsmålet er om dette viktige området skal utviklast og betrast gjennom dugnadsarbeid, eller om skuleeigaren tek desse utfordringane på alvor?

Det er ikkje tvil i at skulekvardagen har endra seg mykje dei siste åra, og ein ser at læringsmiljøet ikkje er det beste for mange. Venstre vil arbeide for ei kompetanseheving blant lærarane og samstundes gjere lærarutdanninga til ei 5-årig utdanning. Gjennom ei satsing på lærarane sikrar ein trygge og gode lærarar som er "grunnmuren" i ein god skulekvardag for alle. Det vert då også lettare og stille fagkrav til alle lærarar.

Eg er usikker på kva Hovde meinar når han vil "redusere tidkrevjande aktivitetar", men det kan sjå ut som han meinar skulen driv med aktivitetar som skulen ikkje bør drive med. Eg veit at skulen har ein ulike tilnærmingsmåtar i opplæringa og det er ikkje berre reine fagaktivitetar ein driv med. Læring er eit vidt omgrep og inneheld mykje.

Eit sentralt ord i denne samanhengen er danning. Venstre meiner ein må også ha fokus på dette dersom ein skal lykkast i læringa. Føremålet med danning, læring og utdanning er å skape framgang for alle på ulike nivå og ikkje skape kloningar. Dette betyr at tilpassa opplæring bør få større fokus og meir ressursar til å kunne drive opplæring på ein god og rettferdig måte. Geir Oddekalv er inne på det i sitt svar til Rune Hovde der han peikar på dei rammebetingelsane ein lærar har i skulen i dag.

I arbeidet mitt ser eg nesten dagleg dei store utfordringane lærarane har i klassesituasjonane med mange elevar og elevar med spesielle behov. Fleire vaksne og fleire med spesialpedagogisk kompetanse inn i skulane, er viktige grep for å betre læringsmiljøet. At den spesialpedagogiske kompetansen skal sitte på sentrale kontor har ikkje Venstre tru på. Skal ein få ned ventelistene og ta tak i utfordringane når dei dukkar opp, må kompetanse vere der borna er.

I desse dagar då kommunesamanslåing stend på sakskartet, kunne det vore interessant å fått vite meir om korleis det er tenkt for skuleborna i denne storkommunen. Geir Oddekalv peikar på den store ulikskapen når det gjeld bruk av pengar på barnehageborn og skuleborn i desse to kommunane. Skal Ørsta opp på Volda sitt nivå når det gjeld pengebruk, vil Ørsta måtte bruke 17 millionar meir i året for å vere på Volda sitt nivå. Det er ikkje tvil i at fleire ville få den rette hjelpa både i skulen og barnehagane til rett tid dersom kommunen prioriterte slik.

Venstre i Ørsta vil i komande kommunestyreperiode ha eit større fokus på det ansvaret ein har som skuleeigar. Venstre vil vere eit talerør for borna, dei som arbeider i skulen og foreldra gjennom aktiv dialog.

Frå Venstre sitt program:

Ein skule for kunnskap og like muligheiter krev fagleg sterke lærarar. Difor vil Venstre gi alle lærarar tid og ressursar til fagleg påfyll gjennom systematisk etter- og vidareutdanning. Venstre vil ha ein god skule for elevane, difor satsar vi på læraren.

Framtida byrjar i klasseromet. Venstre vil ha ei storstilt satsing på skule, kunnskap og forsking, og dette er førsteprioritet i våre alternative statsbudsjett. Forsking og utdanning er viktige føresetnader for arbeidsplassar og velferd i framtida. Samfunnet må gje rom for mennesket sine skapande evner både i skulen, forskinga,
kulturen og i næringslivet.

Venstre vil:

at alle lærarar skal ha rett og plikt til etter- og vidareutdanning. For oss er dette den viktigaste prioriteringa i norsk skule.

innføre femårig allmennlærarutdanning og auke opptakskrava.

fjerne "tidstjuvane" i skolen: Gje lærarane meir tid til elevane framfor å bruke tida på byråkrati.

auke innslaget av andre yrkesgrupper i skulen, og gjennomføre eit løft for skulehelsetenesta.

styrke forskinga gjennom auka løyvingar til universitet, høgskuler og forskingsinstitusjonar.

auke norsk forskingsinnsats til 3 prosent av BNP innan 2013.

Til slutt håpar eg , som Geir Oddekalv i Utdanningsforbundet, at skulen og oppvekstvilkåra for born og ungdom i Ørsta kan få brei fokus i valkampen. Eg trur gjennom dialog med dei ulike partia kan vi finne løysingar som gjer at denne viktige gruppa vert satsa meir på. Ein har i inneverande kommunestyreperiode sett at politikarane har skore ned på tilbod og aktivitetar når det gjeld born og unge. Dette må vi politikarar ta innover oss og gjere noko med. Det er bra med nye og moderne skulebygg og barnehagar, men innhaldet og læringsmiljøet er vel so viktig og det må vi ha fokus på.

Og til slutt vil eg no sitere Rune Hovde i noko vi er samde i : "vi vaksne har ansvaret for framtida til borna".

Venstre tek gjerne utfordringa frå Utdanningsforbundet og vil vere aktiv i debatten kring skule og oppvekstvilkåra i Ørsta, og svarar gjerne på spørsmål frå Utdanningsforbundet.

MVH. Gunnar Knutsen
Listekandidat for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**