Nytt Sotrasamband – avgjort eller ikkje?

Slaget om nytt Sotrasamband er ikkje tapt. Venstre vil ha samband i sør.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Tore Turøy

Foto: ukjent

I eit lesarinnlegg av ordførar Eli Årdal Berland i Vestnytt 30.juni påstår ho at det no er fatta vedtak om at det nye sambandet skal kome mellom Kolltveit og Storavatnet med ei firefelts bru i høgspenttraseen. Og ho gjev inntrykk av at dette er alle partar samde om. Både Fjell, Bergen og Statens Vegvesen. Samstundes verkar det som om Høgre må få æra for at saka har kome så langt.

Berland mot betre vitande?
Eg vart ganske forbausa då eg las dette. Uttaler ordførar Eli Berland seg mot betre vitande? Det einaste vedtaket som er gjort i saka, vart fatta i Fjell formannskap i desember 2008. Då anbefala formannskapet at kommunestyret skulle fatta eit slikt vedtak. Men ordføraren veit like så godt som eg at mykje har skjedd i etterkant av det vedtaket. Og saka er ennå ikkje slutthandsama i Fjell kommunestyre.

Som sikker mange hugsar, så ville Bergen ha nye utgreiingar. Dei var skeptisk til løysninga og ville at det skulle utgreiast ein løysning med lang tunnel frå Drotningsvik til Liavatnet. Dei mente at eit stort spagettikryss ved Storavatnet ville skape problem for nærmiljøet i Ytre Laksevåg og lage nye køar. No har Statens vegvesen gjort ferdig denne utgreiinga og det vi gjorde i kommunestyret den 24. mars, var å sende saka frå vegvesenet ut til offentleg høyring. Det same var det bystyret i Bergen gjorde to månader seinare. Ordføraren veit like så godt som eg at ein høyringsprosess er noko som er lovpålagt slik at alle som vil kan kome med innspel og verte høyrd. Men å sende ei sak ut til høyring er langt frå eit endeleg vedtak.

Bro, vei

Foto: Microsoft

Noko anna som ordføraren lar vere å informere om, er at samstundes med at vi la alternativet med firefelts veg i høgspenttraseen ut på høyring, la vi i tillegg ut eit alternativ der det skal byggjast to nye felt som hovudsakeleg skal styrke kollektivtrafikken. Dette er ikkje etter Høgre i Fjell sitt ynskje, så derfor er det ikkje interessant og ta med. Men sanninga er at både Transportøkonomisk Institutt, konsulentfirmaet Dovre Group og regjeringa har anbefala denne kollektivløysninga. Erfaringa syner at ein ikkje kan løyse køproblema med nye, fine motorvegar inn mot bysentrum. Det skaper berre meir trafikk, meir køar og meir forureining.

Vil ikkje Høgre satsa på kollektiv likevel?
Det er ikkje lenge sidan Høgreleiar Erna Solberg gjekk ut og sa dei ville møte den store folkeveksten og det aukande transportbehovet kring storbyane ved å satse på kollektivløysningar. Håpar det ikkje berre er snakk.

Men dette verkar det ikkje som Høgre i Fjell vil ta inn over seg. Dei vil absolutt ha ein ny firefelts motorveg inn til eit digert spagettikryss ved Storavatnet der vi kan stå i kø saman med Askøyværingane. Dei ynskjer også at all trafikken skal gå gjennom den fine nye Straume by. Og dette meiner dei er framtidsretta…

Ei løysing der bussane og bilar med minimum ein passasjer kan køyre i eigne felt frå f. eks vestsida av Kolltveittunnelen og innover mot byen, forbi alt som er av bilkøar, vil vere den mest framtidsretta løysninga. Svært mange pendlarar gjev utrykk for at dei vil føretrekkje å reise kollektivt dersom tilbodet vert betre. Men så lenge dei overfylte bussane står og stampar i dei same køane, vel dei heller å køyre sjølv.

Så lenge debatten om nytt samband har halde på, har eg hevda at den einaste fornuftige og den mest framtidsretta løysninga er at den nye fastlandsforbindelsen må komme lengre sør på Sotra. Og det er ennå ikkje for seint. Det trengs berre eit vedtak i Fjell kommunestyre.

Usemje om løysing
På nemnde møte den 24. mars i år la Jan Utkilen fram eit forslag som lydde som følgjer: "Kommunen vil med tanke på framtidig utvikling i regionen at det skal arbeidast vidare med eit samband i sør." Forslaget fekk 18 røyster for og 24 mot. Dette syner at det er mange av politikarane i kommunestyret i Fjell som ser at eit ringvegsystem er den beste og mest framtidsretta løysninga for heile regionen.

Trafikk, vei, kø

Foto: Microsoft

No skal det snart veljast nytt kommunestyre og saka kjem opp att i samband med slutthandsaming ein gong etter valet. Dette gjev veljarane ein unik sjanse til å sei kva dei meinar og påverke utviklinga i regionen langt inn i framtida.

Eg vil difor prøve å klårgjere ovanfor veljarane om kven som er for og i mot kva. Senterpartiet, Sotralista og Venstre vil byggje to nye felt for kollektivtrafikk i dagens korridor og vil samstundes opne opp att for at det nye sambandet skal byggjast i sør. Høgre, Krf og Ap vil byggje ny firefelts veg i den såkalla høgspenttraseen inn til Storavatnet. Fremskrittspartiet er delt, og med tradisjon for å binde sine representantar ved avstemming, er det usikkert kor dei vil lande. Når det gjeld SV har det kome ulike signal og dei får sjølv kome med ei avklaring.

Partia må avklare

I ei så viktig sak for den vidare utviklinga i regionen synes vi det er svært viktig at veljarane kan få lov å avgjere. Eg utfordrar derfor alle politiske listestillarar til å sei klårt frå om kva løysning dei vil gå for. Ein ting skal veljarane vere trygge på: Ein stemme til Venstre er ein stemme til eit nytt samband i sør. Og saka er ennå ikkje avgjort ordførar.

Tore Turøy
Ordførarkandidat Fjell Venstre
Kandidat til fylkestinget

Innlegget sto på trykk i Vestnytt torsdag 7. juli.

Tore Turøy

Foto: ukjent

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**