Positiv omtale av Suldal Venstre si heimeside

Suldalsposten har i si utgåve den 13.juli gjort ei vurdering av alle dei politiske partia sine heimesider. Kriteria var tilgjenge, design, innhald, oppdateringsfrekvens og lokal forankring. Lokalavisa konkluderar med at Suldal Venstre har ei flott og fengjande heimeside og saman med KrF har den beste heimesida av alle dei politiske partia. Web-redaktør og leiar, Nina Østebø, er glad for at heimesida blir lagt merke til.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Suldalsposten skriv;
Ei fargerik og innbydande heimside. Ein blir ønskt velkommen inn i partipolitikkens verd med ei kort og presis påminning om partiets hjartesaker. Fleire og oppdaterte artiklar freistar leselysta. Det bør ikkje vera tvil hjå den som gjer Suldal Venstre ein visitt; lokalpartiet er eit aktivt parti. Har dei tid til overs kan det vera ein idè at partiet, saman med KrF, inviterer dei andre lokale partia til ein opplæringsrunde i flott, lokal partiheimeside. Heimesida har også direkte link til Facebook, som viser at partiet sentralt nyttar fleire kanalar for å kommunisera med folket.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**