Valprogram for Herøy Venstre

Valprogrammet for Herøy Venstre i kommunevalet 2011

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Valprogram for Herøy Venstre 2011-2015

Idegrunnlag: Venstre er eit sosial-liberalt parti og ideologien vår er bygd på to grunnsteinar. FRIDOM og ANSVAR. Fridom for den einskilde til vokster og utvikling, men også ansvar for miljø og medmenneske. Venstre byggjer arbeidet sitt på kristne verdiar.

Barn og ungdom:
Herøy Venstre vil arbeide for at ungdomen skal få eit breiare og godt kulturtilbod. Vi ynskjer eit allaktivitetshus som skal drivast av og for ungdom der dei sjølve tek ansvaret for drift.
Herøy Venstre vil ha sterkt fokus på oppvekstvilkåra for våre barn og auke ressursane til førebyggjande og haldningsskapande arbeid.

Skule og barnehage:
Herøy Venstre vil arbeide aktivt for å oppretthalde dei maritimt retta linjene ved Herøy vidaregåande skule.
Herøy Venstre vil oppretthalde den noverande skulestrukturen så langt det er pedagogisk forsvarleg.
Herøy Venstre vil arbeide aktivt for å øyremerke midlar i skulebudsjettet for tiltak mot mobbing.
Herøy Venstre vil oppgradere uteområda ved skulane slik at dei er betre i stand til å fremje positive aktivitetar.
Herøy Venstre vil sikre ei kvalitativ god skulefritidsordning.
Herøy Venstre vil sikre gode økonomiske rammer til barnehagane for å styrke det pedagogiske og det sosiale tilbodet.

Helse og omsorg:
Herøy Venstre ser det som nødvendig med ein ny gjennomgang av ruspolitisk handlingsplan. Skjenkeløyver og skjenketider må samsvare med vedteken ruspolitisk handlingsplan.
Herøy Venstre ser det som nødvendig å arbeide for å redusere alkohol- og narkotikamisbruket.
Herøy Venstre vil styrke den heimebaserte omsorga, og byggje ut fleire omsorgsbustadar.
Herøy Venstre vil styrke den psykiatriske omsorga, og byggje ut fleire omsorgsbustadar og institusjonsplassar.

Kyrkje og kultur:
Herøy Venstre vil at kyrkja framleis skal vere ein byggjande og skapande faktor i kommunen.
Herøy Venstre vil halde kyrkjene og kyrkjegardane i god stand.
Herøy Venstre vil arbeide for vekst og utvikling av kultursektoren.
Herøy Venstre vil ta vare på det mangfaldet av kultur som er i heile kommunen.
Herøy Venstre vil styrke biblioteket si rolle som kunnskapsinstitusjon, og vil at det framleis skal vere ei viktig kjelde til informasjon.
Herøy Venstre vil arbeide for oppgradering av kulturhuset slik at det kan framstå som eit kultursenter for heile kommunen.
Herøy Venstre vil arbeide for å oppgradere undervisingslokala til kulturskulen.

Næringsliv og verdiskaping:
Herøy Venstre vil ha sterkare fokus på utviklingspotensialet i Myrvåg-/Dragsundområdet, som ligg sentralt i regionen.
Herøy Venstre vil bidra til å sikre eksisterande arbeidsplassar.
Herøy Venstre vil legge til rette for interkommunale arbeidsplassar, og nye kvinneretta arbeidsplassar.
Herøy Venstre vil stimulere til reiselivsutvikling.
Herøy Venstre vil aktivt bidra til å ta vare på og utvikle bygdene i kommunen til gode, attraktive plassar å bu.

Samferdsel:
Herøy Venstre vil arbeide aktivt for å betre rutetilbodet både internt og eksternt.
Herøy Venstre vil arbeide aktivt for ny innfartsveg til Fosnavåg.
Herøy Venstre vil styrke og prioritere vedlikehaldet på det kommunale vegnettet.
Herøy Venstre vil styrke arbeidet med trafikktryggingstiltak.
Herøy Venstre vil behalde hurtigruteanløpet i Herøy.

Kommunalt:
Herøy Venstre vil prioritere vidare utbygging av kloakknettet i tråd med kloakkrammeplanen.
Herøy Venstre vil legge til rette for bustadbygging i alle krinsar.
Herøy Venstre vil i høgare grad prioritere vedlikehaldet på kommunale bygg og anlegg.
Herøy Venstre vil arbeide for at det kjem på plass offentleg toalett og stellerom i Fosnavåg sentrum.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**