1.kandidat Eskil Nerheim

Eskil Nerheim står på Suldal Venstre si liste for 4 gong, men det er fyrste gongen han er topplassert. Nerheim jobbar i dag som lærar ved Sand skule og er nestleiar i Suldal Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Eskil Nerheim

Foto: Suldal

Å vera fødd og oppvaksen i Suldal har gjort Eskil levande oppteken både av den fantastiske naturen som omgjev oss her inne, av det rike kulturlivet som i stor grad er basert på frivillig innsats, og av korleis ein skal sikra at Suldal kommune er ein levedyktig og attraktiv plass å bu. Eskil er aktiv innan organisasjonslivet, og syng mellom anna i Gullgutane og er leiar i speidaren på Suldalsosen.

Som lærar er Eskil oppteken av at skulane skal vera så gode som mogleg er. Det er ikkje til å stikka under ein stol at skulesamanslåinga i 2010 gjorde endringar i skulane som ein ikkje heilt veit rekkjevidda av, og Eskil ser det som svært viktig at ein opprettheld det arbeidet som skal sikra god og fornuftig drift av grendeskulane vidare. Ein må ikkje vera for pessimistisk i tankegongen når ein planlegg oppussing og byggjing av framtidige skule- og barnehagebygg kringom i grendene. Eskil ser det som si viktigaste oppgåve som politikar å nettopp snu den negative befolkningsutviklinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**