Ragnar Eimhjellen

Ragnar Eimhjellen er førstekandidat for Gloppen Venstre. Han er 68 år, er gift og har to born. Han er pensjonert rektor frå Firda vidaregåande skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Ragnar Eimhjellen

Foto: Inger Haldis Aske Lothe, Firda Tidend

Gode veljar!

Ver med og ta ansvar for natur og livsmiljø for komande generasjonar!

Eg vil føre ein lokalpolitikk der målet er at Gloppen skal vere ein god kommune å kome til og ein god kommune å bu i, vekse opp og bli gamal i, no og i framtida.

Dette er eit lokalval. Ta deg derfor god tid til å studere kven dei lokale kandidatane er og kva dei enkelte partia står for!

Saman med alle dei andre i Gloppen Venstre skal eg arbeide for dei liberale verdiane våre; folkestyre, fridom for den enkelte, ta vare på fellesskapet, miljøet og dei svakaste i samfunnet.
Vi trur på at entreprenørskap, frivillig innsats og dugnadsånd vil bidra til eit betre samfunn for alle.
Venstre set folk først!

Ragnar Eimhjellen, Gloppen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**