Eldsjeler er viktig for Finnøy!

Nok ein vellukka tomatfestival er over og mange kan sjå tilbake på ulike gode opplevingar i helga som var.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Tomatfestivalen 2011

Foto: Venstre

"De er gode å få det til" er tilbakemeldingane frå folk utafor kommunen vår. Dette er sant. Folk i Finnøy er gode til å få mykje til! Men dette hadde vore uråd dersom me ikkje hadde hatt så mange som tek på seg ulike oppgåver i frivillige lag og organisasjonar.

Det er ikkje få timar som vert lagt ned i dugnadsinnsats i idrettslag, kristne lag og organisasjonar, i kulturlivet og i andre organisasjonar..

Venstre har lyst til å seie til alle dykk: De gjer ein uvurderlig innsats for kommunen vår! Me vil i komande periode lytte til kva som er viktig for dykk og ta synspunkta med når me skal ta avgjersler. Me må ta vare på alle eldsjelene!

Gro Skartveit
Ordførarkandidat Venstre

(publ. Tove Rasmussen 19082011)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**