Balestrand Venstre sitt arbeidsprogram for 2011 – 2015

Framtida for Balestrand Kommune er ditt og mitt ansvar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

BALESTRAND

Foto: PER HENNING OLSEN

GRUNNSYN
Venstre er det sosialliberale partiet i Noreg. Respekten for enkeltmennesket og ansvar for felleskapet er ein viktig grunntanke.
Ein liberal politikk er det beste utgangspunktet for å løysa utfordringane i framtida. Det er liberalt å forvalta naturen slik at komande generasjonar har same høve til fridomsutfalding som oss. Det er liberalt å tru på skaparkraft og
leggja til rette for at flest mogleg får bruke evnene sine til å finna løysingar og sjå resultat. Det er liberalt å sørgja for at vi har ein velferdsstat som sikrar alle menneske fridom og eit verdig liv. Som liberale har me også eit sterkt
engasjement for menneskerettar, personvern, openheit, kultur og toleranse.

KOMMUNEN
"Venstre ønskjer ei desentralisering av politisk makt i Norge." (Frå stortingsvalprogrammet 2009 — 2013)
Balestrand er med i ca. 50 interkommunale ordningar. Truleg vil talet auka i åra som kjem. Me ønskjer at Balestrand skal vera eigen kommune også i framtida, men vil observere nøye om aukande interkommunalt samarbeid eller
andre tilhøve kjem i konflikt med det lokale sjølvstyret.
Venstre vil:
– ha eit ope sinn og arbeida grundig med spørsmålet om kommunesamanslåing dersom dette vert eit aktuelt tema i kommande periode.
– at spørsmål om kommunesamanslåing skal avgjerast gjennom folkerøysting.

KOMMUNEN SOM ARBEIDSGJEVAR
"Stat og kommune må leggja betre til rette for alle som vil og kan jobba heiltid " (Frå stortingsvalprogrammet
2009 — 2013)
Kommunen er den største arbeidgjevaren i Balestrand. Som politikarar har vi ansvar for at kommunalt tilsette finn sine arbeidsplassar meiningsfulle og utviklande.
Venstre er opptekne av:
– at arbeidstakarane vert inkluderte i saker som gjeld arbeidsplassane deira.
– at det er tillit og openheit begge vegar i kommuneorganisasjonen.
– at alle tilsette skal få tilbod om medarbeidarsamtale minst annankvart år.

ØKONOMI
"Nye oppgåver som vert pålagde kommunane av staten må fullfinansierast gjennom auka overføringar" (Frå stortingsvalprogrammet 2009 — 2013)
Balestrand kommune har dei siste åra hatt ei drift i balanse, men utan overskot til fondsavsetting. Kommunen har såleis marginalt med midlar til investeringar. Venstre ser at dette kan verta ei utfordring også dei neste 4 åra.
Venstre vil:
– føra ein ansvarleg politikk når det gjeld investeringar, vedlikehald og drift.
– vere restriktive vdr. nye låneopptak.
– at dei folkevalde rett etter kvart kommuneval skal kursast i budsjettarbeid.

NÆRINGSTILTAK, KULTUR OG FOLKETALSUTVIKLING
" Likestilla sjølvstendig næringsdrivande med arbeidstakarar med omsyn til sosiale rettigheiter ved svangerskap, fødsel og omsorg for små barn utan å auka trygdeavgifta." (Frå stortingsvalprogrammet 2009 — 2013)
Eit velfungerande næringsliv er viktig for økonomi og folketalsutvikling. Venstre og Arbeidarpartiet tok for nokre år tilbake initiativ til, og fekk gjennom, at kommunen igjen skulle ha eigen næringssjef. Den satsinga har vist seg vera rett. Ein annan viktig aktør i næringslivsarbeidet er Balestrand Næringsforum. Vidare ser Venstre på busetjing av flyktningar som ei positiv utfordring både for flyktningane sjølve og for innbyggjarane; og noko som kan gje gevinst med tanke på folketalsutvikling og arbeidsplassar. Gode kulturtilbod er noko potensielle tilflyttarar etterspør. Venstre ønskjer å støtta opp om eldsjelene innan kulturlivet i Balestrand.
Venstre vil:
– at det skal opparbeidast nytt næringsareal.
– at kommunen særskilt tek vare på gründerar.
– at det skal leggjast til rette for kommunale bustadtomter i alle deler av kommunen.
– vera ein pådrivar for auka satsing innan tradisjonell og ny landbruksnæring
– busetja flyktningar så langt det kommunale tilbodet kan handtere dette.
– vere opne for utbygging i strandsona.

BARN OG UNGDOM
"Vaksne menneske vel i stor grad sin livsform og livsstil, men ingen vel sin barndom." (Frå stortingsvalprogrammet 2009 — 2013)
Venstre ønskjer at barn og unge skal ha positive kjensler for heimkommunen sin. Å kunna ha eit variert fritidstilbod er ei utfordring for ein kommune med trong økonomi. Frivillige organisasjonar og dugnadsinnsats vil framleis vere viktige og verdfulle faktorar her
Venstre vil:
– halda fast på eit desentralisert tilbod innan skule, barnehage og SFO.
– ha større fokus på entreprenørskap i skulen.
– at kommunen tek mot lærlingar i alle yrke ein kan tilby dette i.
– arbeide for at LTU (lokale transporttilbod for ungdom) vert innført.
– auka tilskotet til kulturskulen.
– ha eit aktivt ungdomsråd som er med og påverkar utviklinga av kommunen.

HELSE- OG SOSIALTENESTER
"I eit liberalt velferdssamfunn er det samspelet mellom stat, kommune, frivillige felleskap og den einskilde sitt
personlige ansvar overfor sine medmenneske som skapar tryggleik og forankring." (Frå stortingsvalprogrammet
2009 — 2013)
Helse- og sosialsektoren er den største kommunale arbeidsplassen. Det er derfor svært viktig både for økonomien og velferda i kommunen at denne sektoren er velfungerande. Ein må vera førebudd på merkbare omstillingar ved
gjennomføring av samhandlingsreforma. Venstre vil:
– at omsorg og omtanke skal ha status på linje med pleie.
– at eldre og/eller pleietrengande kan få høve til å bu heime lengst mogeleg.
– framleis ha ambulanseteneste i kommunen.
– vera opne for meir interkommunalt samarbeid som følgje av samhandlingsreforma, men arbeida for at så mange som mogeleg av tilboda vert lokalisert til vår kommune.

KLIMA, MILJØ OG NATUR
" Lokale miljøproblem bør forvaltast og løysast lokalt. Nasjonale og globale miljøproblem bør forankrast lokalt slik at dei beste løysingane kan velgjast." (Frå stortingsvalprogrammet 2009 — 2013)
For Venstre er denne tanken grunnleggande: "Tenkje globalt — handle lokalt". Lokalt i denne samanheng er ikkje
avgrensa til avgjerder i folkevalde fora, men gjeld kvar einskild borgar.
Venstre vil:
– at kommunen aktivt følgjer opp eigen energi- og klimaplan.
– at kommunen legg stor vekt på verdien av fjorden og landskapet gjennom arbeidet med kommunedelplan for
Esefjorden.

Grunnlova § 110 b:
«Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og
Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig
Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten.
For at ivaretage deres Ret i Henhold til foregaaende Led, ere Borgerne berettigede til Kundskab om Naturmilieuets Tilstand og om Virkningerne af planlagte og iværksatte Indgreb i Naturen.
Statens Myndigheder give nærmere Bestemmelser til at gjennemføre disse Grundsætninger.»

SAMFERDSLE
"Samferdselspolitikken må føra samfunnet i retning av alle tre mål på samme tid: Verdiskaping, mobilitet og
nullutslepp." (Frå stortingsvalprogrammet 2009 — 2013)
Venstre erkjenner at utviklinga innan vegsektoren i regionen har redusert Balestrand sin status som samferdsle-
messig knutepunkt. Dette fordrar ein hardare kamp for å få del i offentlege midlar til utbetring og vedlikehald av fylkesvegane i og gjennom kommunen.
Venstre vil:
– arbeida for betre vegstandard mellom Dragsvik og Sæle.
– ha rassikring og utbetring av vegen rundt Esefjorden.
– arbeida for at buss- og ekspressbåttilbodet vert oppretthalde, og med rutetider som sikrar god korrespondanse med andre viktige kollektivtilbod.
– ha nattferje på strekninga Hella — Dragsvik.
– auka løyvingane til utbetring av dei kommunale vegane.
– ha gatelys ved busstoppa.
– ha auka fokus på gjennomføring av prosjektet "Nasjonale turistveger".
FERJEFRI VEG TIL INDRE SOGN – ME SPØR:
Bru mellom Dragsvik og Hella? Undersjøisk røyrbru? Eller tunnel mellom Vetlefjorden og Fjærland?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**