Er du førstegongsveljar? – av leiar i Balestrand Venstre, Råmund Nyhammer

Den viktigaste oppfordringa mi kjem her: Bruk stemmeretten din! Sjølve grunnlaget i demokratiet vårt er at innbyggarane bestemmer gjennom val kven som skal styre. Demokrati handlar også om at det på valdagen skal finnast fleire alternativ å velje mellom. Venstre er eitt alternativ, og naturleg nok er det dette partiet eg ynskjer å gje ein liten smakebit av

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


No kunne eg ramsa opp at Venstre vil ditt og at Venstre vil datt, men eg gjer det heller slik: Eg tek føre meg dei to områda i politikken som er viktigast for meg personleg, og der Venstre treff meg midt i hjartet.

MENNESKESYN
Her kjem nokre setningar eg likar smaken av. Smak på dei du også!
1) Venstre ønskjer eit samfunn der folk har friheit til å skape sin eigen veg til det gode liv, og der ein tek ansvar for kvarandre.
2) Alle har ansvar for eigne val, noko som er like grunnleggande som retten til friheit.
3) For Venstre er det ein verdi i seg sjølv at menneske er ulike og tek ulike val.
4) Toleranse betyr respekt, ikkje likegyldigheit eller feigheit.
5) Vi er alle verdsborgarar.

NATUR, MILJØ OG KLIMA
Venstre tek følgjande spørsmål på alvor: I kva tilstand er jordkloden når våre oldebarn eller tipp-oldebarn vert fødde? Inngrep i natur og forureining av jord, luft og vatn har auka mykje dei siste hundre åra. Sjølv har eg laga meg eit bilete — ei historie — for å forstå utviklinga betre. Men det er berre ei halv historie — eg kjenner ikkje heile:
Ein bil med mange menneske legg ut på tur. Det går sakte i begynninga, men alt verkar trygt så sjåføren aukar stadig farten. Etter kvart kjem det meldingar over bilradioen om fare for dårlegare veg langt der framme. "Pytt", tenkjer dei i bilen, "sikkert ikkje noko å bry seg om." Vegmeldingane frå bilradioen held fram, men stemma har blitt meir bekymra. Akkurat no seier den: "Det er ikkje 100% sikkert, men kanskje heile vegbana har rasa ut der framme." Dei fleste bryr seg ikkje og vil ha full gass vidare. Berre nokre få tek til motmele og spør: "Må vi ikkje bremse ned og prøve å finne ein tryggare måte å komme vidare på.?"
Berre våre etterkommarar veit korleis historia held fram.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**