Folkehelsearbeidet må styrkast

Lesarinnlegg frå Kjell Yri.
Kvinnherad Venstre ynskjer å løfta opp Folkehelsearbedet.
Ny Frisklivssentral må etablerast. Frivillige organisajonar må verdsetjast.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Styrk Folkehelsearbeiet.
Kvinnherad Venstre er svært opptekne av å styrka folkehelsearbeidet.
I den seinare tid er folkehelsai Noreg vorten dårlegare. Levemåten vår er blitt så avslappa og god at det går ut over helsa. Vi sit for mykje i ro framfor tv eller pc, vi et for myke usunn mat og vi køyrer for myke bil – istadenfor å driva fysisk aktivitet.
Dette medfører at mange vert overvektige, mange utviklar diabetes, mange får for høgt blodtrykk. Då er ein utsett for alvorlege sjukdommar. Og utgiftene til helsevesenet aukar i galopp-fart.
Dei sentrale helsemyndighetene kjem no med tiltak der ein kan søkja om pengar for å skapa aktivitetar som betrar folkehelsa. Kvinnherad kommune har no nyleg fått kr. 700.000,- i tilskot som skal nyttast til Frisklivssentral. Då kan lege eller anna kvalifisert helsepersonell rettleia, og få dei som står i fare for å utvikla livsstil-sjukdommar, til å endra bittelitt på levemåten. Tilbodet skal vera enkelt, og brukaren er sterkt medverkande i korleis opplegget vert. Venstre ynskjer å få denne frisklivssentralen i drft så snart som mogleg.
Mange lag og frivillige organisasjonar driv allereie i dag eit godt folkehelsearbeid. Dette må verdsetjast i økonomisk støtte frå kommunen.

Kjell Yri
Ordførarkandidat, Kvinnherad Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**