Kent Are Kjørsvik Petterson har representert Kvinnherad Venstre i kommunestyret i perioden 2015-2019, og har takka ja til å stille som Kvinnherad Venstres ordførarkandidat i kommande periode. På kumulert plass får han med seg Synnøve Handeland som har representert Kvinnherad Venstre i tidlegare periodar.
Kvinnherad Venstre har fått til ei god spreiing både med tanke på geografi, kjønn og alder. Lista inneheld ein god miks av nye og gamle namn.
Ei viktig sak for Venstre er frivilligheit, og vi har lukkast med å knytte til oss personar som i det daglege legg ned ein solid innsats innan dugnadsbasert kulturutvikling; t.d. Heidi Lee (leiar i Sunde Grendalag), Annemor Ekeland som er ei av personane for Rock15 og Pink Floyd-prosjekta og Trond Betten som over fleire år har utmerka seg som musikar, festivalutviklar og gründer.
Andre viktige saker Kvinnherad Venstre kjem til å arbeide med;
- Næringsutvikling: leggje til rette for nyetableringar og betre tilhøva til eksisterande næring.
- Motverke barnefattigdom: der ein må kartleggje utfordringane og utarbeide tiltak som kan vere med på å løyse desse.
- Samferdsle: presse på regjeringa for å få realisert Sunnfast, ferdigstille Fjelbergsambandet og Kvinnheradspakken, samt planleggje Kvinnheradpakken 2 slik at det kommunale/fylkeskommunale vegnettet vert oppgradert i heile kommunen.
- Kent Are Kjørsvik Petterson – 5452 Sandvoll (f.1983). Kumulert.
- Synnøve Handeland – 5451 Valen (f.1968). Kumulert.
- Niclas Olderkjær, 5450 Sunde. (f.1986)
- Beate Hannisdal – 5464 Dimmelsvik. (f.1966)
- Trond Klas Betten – 5460 Husnes. (f.1973)
- Tove Helen Nundal – 5460 Husnes. (f.1983)
- Kristian Olav Bringedal -5463 Uskedalen. (f.1951)
- Heidi Lee – 5450 Sunde. (f. 1976)
- Are Blokhus – 5450 Sunde. (f.1975)
- Annemor Ekeland – 5451 Valen. (f.1948)
- Ragnhild Handeland – 5451 Valen. (f.1996)
- Sondre Solheim – 5451 Valen. (f.1980)
- Heidi Irene Kjørsvik Petterson – 5450 Sunde. (f.1964)
- Kjell Yri – 5463 Uskedalen. (f.1955)
- Laila Øvstebø – 5452 Sandvoll. (f.1982)
- Marianne Lund Andersen – 5460 Husnes. (f. 1958)