Råmund Nyhammer

1. kandidat til kommunestyrevalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

RaamundNyhammer

Foto: Per Henning Olsen

Fødselsår: 1954
Stilling/yrke: Industriarbeidar
Hobby/interesser: Lokalpolitikk, natur- og miljøvern

Råmund Nyhammer er Venstre i Balestrand sin 1.-kandidat ved kommunevalet 2011. Han er 57 år, bur på Nessane og er singel. Råmund er utdanna lærar, men for utan å ha praktisert dette yrket har han ei variert erfaring frå arbeidslivet. Dei siste 15 åra har arbeidsstaden vore trykkeriavdelinga ved AS Nesseplast. Elles står nattevakt på institusjon for psykisk utviklingshemma, anleggsarbeidar og sommarjobbar tilknytta reiselivet på CV’en.

Politisk er ikkje fartstida så lang. Han har vore leiar i Balestrand Venstre sidan 2006 og er i inneverande periode medlem av kommunestyret og utval for plan og utvikling. Råmund likar spesielt godt å jobbe med tema som kjem inn under utvalet han sit i, men kunne tenkt seg endå meir viktige og omfattane saker innan denne kategorien. Derfor er ynskjet om ein plass i formannskapet sterkt. Elles er interessen for natur- og miljøvern stor, og han har m.a. engasjert seg lokalt og i Hardanger når det gjeld dei store 420kV-linene.

Råmund har den oppfatninga at gjensidig respekt, og eit godt samarbeid mellom parti og politikarar, er ein viktig føretsetnad for positiv utvikling for Balestrand. For Råmund er det også viktig å snakke med og å få innspel frå “vanlege” folk.

I privatlivet likar han å lytte til blues og rock, ha orden i hus og hage og å ta ein fjelltur i ny og ne. I matvegen står mat frå sjøen øvst på lista. Han kosar seg gjerne med ei øl eller ein cider, men avskyr fyllerør. Eit klart ideal for Råmund er å vere seg sjølv og vere ærleg i det ein seier og gjer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**