To jenter frå Balestrand på fylkestingslista

Både Britt Grimelid og Kari Bolstad er å finna som kandidatar på fylkestingslista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Heilt oppe på 7. plass på Venstre si fylkestingsliste finn vi
Britt Grimelid. Britt er ein av politikarane i Balestrand som har lengst fartstid som kommune-styremedlem. Ho har også i fleire periodar vore medlem i formannskap og ulike utval. Ho har vidare møtt på fylkestinget som vara. Kunnskap, erfaring, engasjement og sjølv-tillit er politikaren Britt i eit nøtteskal. Utanom lokal-
politikken har ho erfaring både som sjølvstendig næringsdrivande og
bygdeutviklar. Britt er fødd i 1956 og jobbar til dagleg som
SFO-leiar ved Sagatun.

Kari Bolstad er i god fart framover som lokalpolitikar i
Balestrand. Ho har i fleire år vore medlem av styret i
Balestrand Venstre og har møtt som vara i kommunestyret i inneverande periode. Fylkespartiet har ønska ho på si liste, og vi finn ho på ein 25. plass. Kari er ei
ærleg, lyttande og
tenkjande jente. Hennar oppfatning er at utøving av politikk må lærast trinnvis og mest
gjennom erfaring, og at det å fronte sterke
meiningar i saker ein ikkje kjenner godt nok ikkje gjev tillit.

Både Britt og Kari er opptekne av gode vilkår for skule, miljø, småbedrifter og velferd og
oppfordrar deg til å stemme Venstre ved kommune- og fylkestingvalet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**